Dette er Regionalt miljøprogram 2014

Kua mi, eg takkar deg
Kua mi, eg takkar deg

Miljøprogrammet for 2014 er oppdatert, og det vert i veke 28 (7.-13.07.) sendt ut eit ark med informasjon til alle aktive gardbrukarar i fylket. Arket inneheld kort oversikt om kvar meir informasjon kan finnast, korleis søkje, søknadsfrist og tiltaka i vårt fylke. Utfyllande informasjon finst på denne sida. Frå 1. august kan du levere søknad om tilskot, og fristen er onsdag 20. august 2014.

Miljøprogrammet for Møre og Romsdal

2013 var første året i ein ny fireårs periode av miljøprogrammet. Det er berre gjort to presiseringar i reglane.

  1. Søknader som blir levert meir enn 20 virkedagar etter fristen, skal avvisast
  2. Det er dei føretaka som produserer husdyrgjødsel som kan søkje om tilskot til spreiing i vår-/vekstsesongen og bruk av tilførselsslangar, og som er ansvarlege for at vilkåra er oppfylte.

 

Tiltaket spreiing av husdyrgjødsel i vår-/vekstsesongen var langt meir vellykka enn forventa, noko som førte til relativt stor justering av dei endelege satsane for 2013. Det er venta at endå fleire vil kunne søkje på dette tiltaket i 2014. Dei førebelse satsane for 2014 har derfor blitt justert for fleire av tiltaka i miljøprogrammet. 

Klikk her for å laste ned heile miljøprogrammet med førebelse satsar.

Det er enklare å søkje elektronisk i 2014

Den beste og enklaste søkemetoden er levering via internett. Elektronisk søknad har fleire fordeler

  • Når du skal logge på Altinn, kan du identifisere deg med BankID, Min-ID og BuyPass
  • Kartteikningane frå 2013 kan brukast om att i 2014
  • Du får ferdig utfylte opplysningar om føretaket ditt
  • Du blir ikkje logga ut av Altinn mens du teiknar i kartet
  • Du får fortløpande beskjed om du har fylt ut skjemaet rett
  • Det blir kontrollert at du fører opplysningane rett
  • Du får kvittering på at søknaden er motteken
  • I Altinn kan du sjå når kommunen har gjort vedtak i søknaden

Slik kan du logge på Altinn

Du kan starte søknadsprosessen frå to adresser

Dersom du brukar nettsida til Landbruksdirektoratet, finn du frå 1. august eit banner der det står "Søk om tilskudd i landbruket elektronisk". Klikkar du på den, vil du finne ei lenke som leier deg direkte via pålogging i Altinn og direkte til søknadsskjemaet for tilskot frå regionalt miljøprogram.

Alternativ for pålogging til www.altinn.no

Alternativ for pålogging til www.altinn.no

Altinn gir deg fleire mulegheiter til å logge på. Mest brukt er kanskje MinID, BankID og Buypass. Dei to siste føreset at Java kan køyrast på datamaskina di. Dersom du har nettbank, og kjenner den metoden godt, er kanskje den enklast å bruke på Altinn også.

Klikk nynorsk eller bokmål for å laste ned rettleiing om korleis du fyller ut søknaden. Du finn meir informasjon og rettleiing på www.landbruksdirektoratet.no, og du kan få hjelp av din kommune.

Søknadsskjema blir ikkje sendt ut. Den som ikkje har tilgang til Altinn, kan få skjema frå sin kommune.

Artikkelen blir oppdatert