Regionale miljøtilskot 2018

Geiter og andre beitande dyr utfører uvurderleg viktig skjøtsel av kulturlandskapet, her frå Hjørundfjorden.
Geiter og andre beitande dyr utfører uvurderleg viktig skjøtsel av kulturlandskapet, her frå Hjørundfjorden. (Foto: Arnold Hoddevik)

Regionalt miljøprogram (RMP) for 2018 blir i grove trekk likt som i 2017. Planperioden for miljøprogrammet 2013-2016 har blitt forlenga med to år i påvente av ein større nasjonal revisjon av programmet og samordning med bygdeutviklingsprogrammet.

Søknadsfristen for RMP er 15. oktober 2018. Den var tidlegare 20. august. Du kan starte med å levere søknaden frå 1. august.
Søknadsfristen for beitelag er 1. november (som før).
Lenke til søknadsskjema blir lagt ut seinare.