Revidert regionalt miljøprogram 2019-2022

Miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel. Traktor med tvillinghjul, nedleggingsagregat og bruk av tilførselsslangar er skånsomt for jorda, og nedlegging gir mindre lukt enn viftespreiing.
Miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel. Traktor med tvillinghjul, nedleggingsagregat og bruk av tilførselsslangar er skånsomt for jorda, og nedlegging gir mindre lukt enn viftespreiing. (Foto: Arnold Hoddevik)

Revidert regionalt miljøprogram er revidert, og skal gjelde for perioden 2019 – 2022. Programmet vidarefører i stor grad tidlegare miljøtiltak, men inneheld også viktige endringar.

Næringsutøvarane må sette seg inn i dei endringane som er vedtekne.

Fem miljøtema

Det reviderte programmet inneheld no tiltak innafor fem ulike miljøtema. Det er vedtatt ny forskrift, der du finn føresegner for dei ulike tema slik:

  • Kulturlandskap (§§ 4 - 6)
  • Biologisk mangfald (§§ 7 - 9)
  • Kulturminne og kulturmiljø (§§ 10 - 11)
  • Avrenning til vatn og kyst (§§ 12 - 14)
  • Utslepp til luft (§§ 15 - 17)

Sjå også vedlegg 1, Rammer og satsar.

Nytt miljøtema - Avrenning til vatn og kyst

Avrenning til vatn er eit nytt miljøtema for Møre og Romsdal. I dette temaet er der tre nye tiltak, som skal redusere faren for erosjon og avrenning. Langs hovudvassdraga i kommunane Surnadal, Sunndal og Rauma kan det gjevast tilskot til å utsette jordarbeidinga av kornåker til neste vår. Det kan også gjevast tilskot til grasdekte kantsoner langs vassdrag, der det vert dyrka korn, poteter og grønsaker i dei same kommunane.

I heile fylket kan det gjevast tilskot til vedlikehald av fangdammar. Fangdammar vert utforma med sikte på å bremse farten på vatnet i eit vassdrag, slik at partiklar i vatnet får tid å botnfelle. Vatnet kan bremsast med tersklar og vegetasjon. Du kan finne meir informasjon om fangdammar hos NIBIO.no.

Endring – Utslepp til luft

Innafor området utslepp til luft har det skjedd endringar. Det er framleis den som produserer gjødsla som kan søkje om tilskot. Merk at søkjaren må disponere jorda det vert spreidd husdyrgjødsel på.

Eit nytt tiltak, nedfelling eller nedlegging av husdyrgjødsel, skal stimulere til gjødslingsmetodar, som gir mindre utslepp av ammoniakk og lystgass. Dette tiltaket føreset rask nedmolding, og det har ingen frist. Tiltaket kan ikkje kombinerast med tiltaket spreiing av husdyrgjødsel om våren og/eller i vekstsesongen, som må vere fullført seinast 10. august.

Spreiing av husdyrgjødsel om våren og/eller i vekstsesong vert vidareført. Det kan ikkje kombinerast med tiltaket nedfelling eller nedlegging. Merk at føretaket no må disponere jorda det vert spreidd husdyrgjødsel på og søkt om tilskot til.

Spreiing av husdyrgjødsel med tilførselsslange blir også vidareført. Tiltaket føreset at føretaket får tilskot til «Spreiing av husdyrgjødsel om våren eller i vekstsesong» eller «Nedfelling eller nedlegging av husdyrgjødsel».

Andre endringar

  • Tilskot til drift av beitelag skal no få tilskotet utmålt per dyr som er slept på utmarksbeite.
  • Slått av bratt areal kan gjevast til føretak som slår minst 5 dekar areal med halling 1:5 eller brattare.
  • Beiting av kystlynghei kan no gjevast per dyr - gjennom sauehald, der dyra tek opp ein vesentleg del av næringstrongen frå beite.
  • Tilskot til drift av seter føreset no at dyra må vere på setra i minst 6 veker.
  • Krav om skjøtselsplanar er erstatta med skjøtselsråd

Ny søknadsfrist 

Søknadsfristen for regionale miljøtilskot er samordna med fristen for søknad om produksjonstilskot, dvs

Fristen for føretak er 15. oktober. 

Fristen for beitelag er 15. november.

Søknaden må leverast via internett. Søknadsskjemaet blir opna seinare, og då vil det bli posta link til skjemaet. Fristane blir også kunngjorde i Tilskotskalendaren.

Det er framleis mogleg å levere inntil 20 verkedagar (mandag- fredag) etter fristen, mot ein reduksjon i tilskotet på 1000 kroner per verkedag. Kommunen skal avvise søknader leverte seinare enn 20 verkedagar etter fristen. Søknader kan ikke leverast elektronisk seinare enn 20 dagar etter fristen, uten at det er søkt om dispensasjon, denne er innvilga og registrert i skjemaet.

Dokumenta i programmet

  • Regionalt Miljøprogram for Møre og Romsdal 2019 – 2022
  • Vedlegg 1. Rammer og satsar
  • Vedlegg 2. Kart som viser sonegrenser
  • Vedlegg 3. Forskrift om regionale miljøtilskot i jordbruket, Møre og Romsdal.

Miljøprogrammet beskriv sentrale rammer og føringar, peikar på utfordringar i fylket, prinsipp for prioriteringar, særskilde prioriteringar, og listar dei 13 tiltaka programmet inneheld.

Miljøprogrammet inneheld også skjøtselsråd og forholdet til SMIL og drenering.

Rammer og satsar inneheld meir detaljar og førebelse satsar

Kart som viser sonegrenser inneheld kart over alle områda med regionalt prioriterte kulturlandskap.

Regionalt miljøprogram – formål og historikk

Regionalt miljøprogram vart innført i Møre og Romsdal frå 2005, og har blitt revidert kvart fjerde år. Den siste perioden vart forlenga, for å samordne revisjonen med dei andre regionale programma. Miljøutfordringane varierer frå fylke til fylke. Regionale miljøprogram vart etablerte for å kunne møte miljøutfordringar i kvart enkelt fylke med meir målretta tiltak enn dei nasjonale tiltaka i produksjonstilskot.

Regionalt miljøprogram byggjer på sentrale føringar gitt i fullmakt frå Landbruks- og matdepartementet og i Nasjonalt miljøprogram.

Føl med – temaet vil bli oppdatert.