Informasjon om regionalt miljøprogram (RMP) 2020

Jordbrukslandskap i Hustadvika
Jordbrukslandskap i Hustadvika (Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal)

Det er blitt vår og sommaren nærmar seg. Det er tid for å planlegge og gjennomføre dei tiltak som det kan bli gitt tilskot til gjennom regionalt miljøprogram (RMP).

Eit nytt 4-årsprogram for RMP var på plass i 2019. I år er det dermed andre året i denne programperioden. Det er derfor ikkje nemneverdige endringar samanlikna med i fjor. Vi har dei same tiltaka og retningslinene, sjå dokumentet «Informasjon om RMP 2020». Årets ramme er 22,2 mill. kroner, ca. ein million meir enn i fjor.

I år skal import-funksjonen vere på plass att slik at det går an å importere kartopplysningar frå søknaden i fjor. Det kan elles nemnast at søknadsregistreringa i år vil opne 15. september (1. august i fjor), søknadsfristen er 15. oktober (same som for produksjonstilskot) og det kan leverast søknad inntil 14 dager etter søknadsfristen med eit trekk på kr 1 000 pr. dag levert etter fristen.