Tidleg slått farleg for fugleartar

Dersom åkerrikse, vipe eller storspove hekkar i jordbrukslandskapet der du bur, bør du kontakte bonden og kommunen eller fylkesmannen. Viss slåtten blir utsett, bidreg det til å ta vare på artar, som er i tilbakegang, og bonden kan få tilskot for det.

Det er no kort tid fram til slåtten startar her i fylket, og hekkinga er i gang.

Klikk på linken nedafor, for å lese om korleis du oppdagar dei ulike fugleartane, korleis bonden kan inngå avtale om å utsette slåtten, og søkje om regionale miljøtilskot til tiltaket, osv.

Ta vare på sjeldne fuglar i kulturlandskapet