Regionale miljøtilskot

Miljøvirkemidla i regionale miljøtilskot i jordbruket skal møte viktige miljøutfordringar i fylka med lokalt tilpassa virkemidlar. Fylkesmannen fastset forskrift og retningslinjer i samråd med organisasjonane i næringa, innafor rammer gitt i nasjonalt miljøprogram.

Alle føretak som har rett til produksjonstilskot, kan også søkje om regionale miljøtilskot. Kommunen tek i mot, behandlar og avgjer søknader om tilskot, og svarar på spørsmål om konkrete saker. Merk ny søknadsfrist i 2018. Søknadsfristen er 15. oktober for føretak og 1. november for beitelag. Utbetalinga skjer i mars året etter. 

Aktuelle artiklar


31.05.2017

Tidleg slått farleg for fugleartar

Dersom åkerrikse, vipe eller storspove hekkar i jordbrukslandskapet der du bur, bør du kontakte bonden og kommunen eller fylkesmannen. Viss slåtten blir utsett, bidreg det til å ta vare på artar, som er i tilbakegang, og bonden kan få tilskot for det.


01.07.2016

Slå eit slag for slåttemarka

Miljødirektoratet har utarbeidd ei flott brosjyre om slåttemarker. Den inneheld mykje nyttig informasjon om kva det er, kven som bor der, korleis skjøtte desse kulturskattane og kvifor dei er viktige for oss.


31.05.2016

Vern om trua fugleartar i jordbrukslandskapet

No er det tid å sjå etter fuglar som hekkar i jordbrukslandskapet, i enga. Fleire av desse fugleartane er i tilbakegang. Dette gjeld m.a. åkerrikse, storspove og vipe.