Foreslå kandidatar til kulturlandskapsprisen 2019

Beiting er viktig for pleie av kulturlandskap
Beiting er viktig for pleie av kulturlandskap (Foto: Arnold Hoddevik)

Fylkesmannen inviterer alle til å kome med forslag på kandidatar til Kulturlandskapsprisen innan 31. mai 2019. Forslaget skal fremjast via eit elektronisk skjema via link i artikkelen.

 

Fylkesmannen i Møre og Romsdal deler årleg ut ein kulturlandskapspris, for å setje fokus på den viktige rollen landbruket har som forvaltar av kulturlandskapet, og på dei nærings- og samfunnsmessige verdiane som kulturlandskapet representerer.

Kven kan ta i mot prisen?

Prisen skal vere ei påskjøning for dei som gjer ein særleg innsats for å ta vare på verdiane og utvikle moglegheitene i kulturlandskapet. Prisen kan gjevast til aktive gardbrukarar, grunneigarlag, bygdelag eller andre typar fellestiltak.

Kandidatane til kulturlandskapsprisen skal mellom anna vurderast etter desse seks kriteria:

  • At ålmenta har tilgang til å oppleve kvalitetar i kulturlandskapet gjennom friluftsliv og rekreasjon.
  • At drifta medverkar til ei positiv fokusering på dei verdiane som landbruket representerer.
  • At kandidatane er med på å skape eit ope landbruk i tillegg til eit ope landskap.
  • At kandidatane med utgangspunkt i kulturlandskapet og lokale tradisjonar har skapt ny næring på garden.
  • At det vert teke omsyn til kulturminne, byggeskikk og miljøverdiar som til dømes biologisk mangfald i drifta.
  • At drifta tek omsyn til ulike miljøutfordringar på bruket og i nærområdet.

Alle kriteria treng ikkje å vere oppfylte på ein gong, men prisvinnaren må vere ein god ambassadør for landbruket og bygde- Norge.

Korleis fremme forslag på kandidatar?

Alle kan fremme forslag på kandidatar, og vi oppfordrar spesielt kommunar, landbruksrådgivinga og faglaga til å komme med forslag på minst ein kandidat. Fleire kan gjerne gå samen om eit forslag.

Kandidatar som er foreslått tidlegare kan renominerast. I slike tilfelle treng vi oppdaterte opplysningar om kandidaten.

Skjema for å fremje kandidat(ar) finn du her: https://www.survio.com/survey/d/N4H7V0Y8I2N5L0J9Z

Frist til å komme med forslag på kandidatar til Kulturlandskapsprisen Møre og Romsdal 2019 er 31.mai. 

Praktiske opplysningar om prisen

  • Prisen består av ein sjekk på kr 10 000, eit kunstverk og ein diplom.
  • Prisen har vorte delt ut sidan 2001, med unntak av 2018.