Kulturlandskapsprisen 2017 til Inger Fjærli Halse og Per Halse, Smøla

Kulturlandskapsprisen for 2017 er tildelt gardbrukarane Inger Fjærli Halse og Per Halse på Edøya på Smøla. Bakgrunnen for tildelinga er deira mangeårige arbeid for kulturlandskapet på garden sin. Gardbrukarparet fekk tildelt prisen av landbruksminister Jon Georg Dale på Dyregoddagane i Gjemnes i dag.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal deler årleg ut ein kulturlandskapspris til grunneigarar eller lag som markerer seg på ein positiv måte i arbeidet med kulturlandskapet. Prisen har vore delt ut sidan 2001.

  • Prisvinnarane er gode ambassadørar for bygde-Noreg og for landbruket. Innmark og utmark er halde i hevd gjennom slått og beitebruk. Bygningsarven er pietetsfullt teke vare på. Alt dette gjer at tun, dyrkamark og beite framstår som heilskapleg, ryddig og velstelt. Drifta på bruket er med på å vise fram dei positive verdiane som landbruket representerer. Dei er verkeleg verdige vinnarar, seier landbruksdirektør Frank Madsøy.

Paret har drive garden heilt sidan 1978 og har drive med både plante- og husdyrproduksjon. I dag driv dei med kjøttfe og sau og disponerer 233 dekar fulldyrka jord og 280 dekar innmarksbeite – det meste av arealet er eigd areal. Dei har i underkant av 30 ammekyr og 140 vaksne sauer. Familien Halse var av dei første i området som starta med utegangarsau, også kalla villsau, og i dag er det mange i kommunen som driv med denne produksjonen.

Tunet på garden representerer store bygningsmessige verdiar og har ei spesiell brulegging i tunet. Dei eldste bygningane er 300 år gamle. Heile tida har Inger og Per nytta seg av eigen og andre sin fagkunnskap i restaureringsarbeidet. Tunet har også vore brukt som kulisser i det historiske Gurispelet – fram til ny scene ved Gurisenteret stod ferdig i 2009.

Kandidatane til kulturlandskapsprisen skal mellom anna vurderast etter desse kriteria:

  • At ålmenta har tilgang til å oppleve kvalitetar i kulturlandskapet gjennom friluftsliv og rekreasjon
  • At drifta medverkar til ei positiv fokusering på dei verdiane som landbruket representerer. Kandidatane er med på å skape eit ope landbruk i tillegg til eit ope landskap
  • At kandidatane med utgangspunkt i kulturlandskapet og lokale tradisjonar har skapt ny næring på garden
  • At det vert teke omsyn til kulturminne, byggeskikk og miljøverdiar som til dømes biologisk mangfald i drifta
  • At drifta tek omsyn til ulike miljøutfordringar på bruket og i nærområdet

Prisen er på kr 10.000 pluss eit kunstverk og diplom.

Kontaktperson: Landbruksdirektør Frank Madsøy, tlf. 971 71 493

Bruket til Halse

Inger Fjærli Halse og Per Halse sitt bruk ved Edøy kyrkje på Smøla

Inger Fjærli Halse og Per Halse sitt bruk ved Edøy kyrkje på Smøla

Bruket til Inger Fjærli Halse og Per Halse ligg vakkert til ved sjøen og og Edøy kyrkje på Edøy i Smøla kommune. Foto: Arnold Hoddevik

Storfe på beite

Storfe på beite hos familien Halse

Storfe på beite hos familien Halse

Bildet viser storfe på beite hos Inger Fjærli Halse og Per Halse på Edøya på Smøla. Foto: Arnold Hoddevik

Frå tunet til Inger Fjærli Halse og Per Halse

Frå tunet til Inger Fjærli Halse og Per Halse

Frå tunet til Inger Fjærli Halse og Per Halse. Foto: Møre og Romsdal Bondelag

Kontaktpersoner

Dokumenter