Kulturlandskapsprisen 2016 til Stein Brubæk

Kulturlandskapsprisen for Møre og Romsdal går i 2016 til Stein Brubæk frå Angvika i Gjemnes kommune. Brubæk er ein fagleg dyktig, interessert, engasjert og svært aktiv prisvinnar.

Dette er ein person som dei aller, aller fleste som har ei kontaktflate mot landbruk, mat og politikk må ha merka seg. Då vi søkte opp namnet hans på Google, fekk vi opp 426 treff. Til samanlikning fekk Landbruksdirektøren 102 treff. Då vi køyrde eit søk som dekka avisinnlegg i Møre og Romsdal dei siste 10 åra, fekk vi  fram 692 saker der Stein Brubæk anten har skrive avisinnlegget sjølv, eller er omtala i avisreportasjen. Det seier seg sjølv at det er vanskeleg å beskrive ein slik person i korte ordelag.

Stein overtok gardsbruket sitt, Brubekken, på 1980-talet, men hadde då i tillegg ein kommunal jobb. I 1997 sa han opp jobben, og satsa på eit liv som heiltidsbonde. Garden er registrert med berre 22 daa fulldyrka jord og 25 daa innmarksbeite, totalt 47 daa jordbruksareal. I tillegg leiger han noko areal, og driv i dag til saman 95 daa fulldyrka jord, noko som er ganske smått etter dagens målestokk. Men i dag sysselset garden 2 årsverk i tillegg til Stein sjølv. Stein greier å generere mykje aktivitet ut av det som kan sjå ut som små ressursar.

Av buskap har han 7 mjølkekyr av gamle utrydningstruga rasar, og 26 mjølkegeiter, i tillegg til ungdyr. All mjølkeproduksjonen på garden går til eigen produksjon av ulike ostar, smør og rømme.

Brenn for lokale mat- og setertradisjonar
I tillegg til drifta heime på garden, driv Stein med seterdrift på Torbuvollen i Sunndal kommune. Brubæk tok opp att den nedlagde seterdrifta der i 2001. Brubæk såg at den norske seter- og ystetradisjonen var trua. Medan mange lokalmatprodusentar har valt å satse på utanlandske ostetypar, er det for Stein svært viktig å lage produkt i tråd med norske setertradisjoner, og å formidle denne kunnskapen vidare til andre. Eit hovudmotiv i drifta hans har vore å ta vare på, å berge dei norske budeietradisjonane. Der er det mykje handlingsboren kunnskap som er i ferd med å gå tapt.  Likeeins er han opptatt av å bevare dei gamle kurasene og evnene deira til å utnytte utmarka. Stein har også lagt ned ein stor innsats over mange år for å få fokus på lokalmat, og for å arbeide fram felles salskanalar og arenaer for lokalmat-produsentar som Bondens Marked og Nordvest Mat.

Engasjert i landbrukspolitikk
Stein er levande opptatt av landbrukspolitikk, og har vore tillitsvalt og talerør for bonde- og småbrukarlaget i lange periodar. Han kjempar entusiastisk og vedvarande for bruk av lokale ressursar, beiting, tradisjonar og kulturlandskap, og mot gjengroing i kulturlandskapet og dermed tap av ressursar. Internasjonal solidaritet er også ei av kampsakene for Stein, og han er engasjert i internasjonale bonde- og småbrukar-organisasjonar.

Interessert, dyktig, engasjert, aktiv...
Det er vanskeleg å karakterisere Stein med få ord, men entusiasme må vere eit ganske dekkande uttrykk. Han er engasjert over eit breitt felt, ikkje berre landbruk, og entusiasme synest å prege innsatsen hans på alle felt. Han utfører sjølv det praktiske arbeidet på garden og på setra, han formidlar kunnskap til besøkande, han deltek på møte, han står på salsmesser, han held kurs og rettleier andre, han skriv i aviser, han deltek på lokale, regionale, nasjonale og internasjonale areaner, og alltid med like stor entusiasme og iver. Han er ein stor inspirasjon for andre og viser at det går an å få til mykje ved å utnytte det mangfaldet som finst av lokale ressursar, både arealressursar og kunnskapsressursar.

Kulturlandskapsprisen
Fylkesmannen deler årleg ut kulturlandskapsprisen, og ønskjer å gje prisen til

  • gode ambassadørar for bygde-Norge og for landbruket.
  • drifta skal medverke  til ei positiv fokusering på dei verdiane som landbruket representerer.

Kandidatane skal mellom anna vurderast etter desse kriteria:

  • At ålmenta har tilgang til å oppleve kvalitetar i kulturlandskapet gjennom friluftsliv og rekreasjon.
  • At drifta medverkar til ei positiv fokusering  på dei verdiane som landbruket representerer. Kandidatane er med på å skape eit ope landbruk i tillegg til eit ope landskap.
  • At kandidatane med utgangspunkt i kulturlandskapet og lokale tradisjonar har skapt ny næring på garden.
  • At det vert teke omsyn til kulturminne, byggeskikk og miljøverdiar som til dømes biologisk mangfald i drifta.
  • At drifta tek omsyn til ulike miljøutfordringar på bruket og i nærområdet.  

Prisen består av eit beløp på 10.000 kroner, ein diplom og eit kunstverk (Kulturlandskap,tresnitt av Lars Ch Istad)

 

Lars Brubæk takka på vegne av Stein for at han fekk kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal for 2016

Lars Brubæk takka på vegne av Stein for at han fekk kulturlandskapsprisen i Møre og Romsdal for 2016

I takketalen uttrykte Stein Brubæk gjennom bror sin, Lars, at han var svært glad for å motta denne utmerkinga. Han set den svært høgt. Gjennom å ta utradisjonelle valg og satse på lokale ressursar, gamle kuraser og geiter har han klart å utnytte lokale ressurasar har han klart å utnytte ressursane på bruket og i nærområdet svært godt. Ei viktig drivkraft i Stein sitt arbeid har vore å ta vare på lokale tradisjonar.  

Bildegalleri

Bruket til Stein Brubæk

Bruket til Stein Brubæk