Kulturlandskapsprisen 2014 til unge bønder i Sunndal

Prisvinnarar av kulturlandskapsprisen 2014, Roy Andersen og Anne Grete Røymo og landbruksdirektør Anne Berit Løset
Prisvinnarar av kulturlandskapsprisen 2014, Roy Andersen og Anne Grete Røymo og landbruksdirektør Anne Berit Løset

Kulturlandskapsprisen 2014 gjekk til Anne Grete Aklestad Røymo og Roy Andersen på Røymo øvst i Sunndalen. Anne Grete overtok garden i 2003, Ho driv den saman med ektemannen Roy og barna Eirin og Ingvild. Garden ligg om lag 700 m over havet på Røymo øvst og innerst i Sunndalen, ved inngangen til Grøvudalen.

Familien driv med sau, og buskapen har auka år for år. I 2013 vart det slept over 500 sauer og lam på utmarksbeite.  Det er investert i nytt fjøs.  Driftsbygningen vil ha plass til  om lag 250 vinterfôra sauer pluss nokre storfe (Tiroler graufe).

Anne Grete og Roy skjøttar areala på 7 ulike gardsbruk, til saman over 230 dekar.  I området er det registrert fleire spesielt verdifulle  slåttemarker. Det er utarbeidd skjøtselsplaner, og brukaren har inngått skjøtselsavtale med fylkesmannen.  Fleire areal som stod i fare for å gro att, er tekne opp att. Mykje nytt gjerde er sett opp.  Området ho driv i, ligg innafor det utvalde kulturlandskapet i Møre og Romsdal.  Dette er eitt av i alt 22 områder i landet.

Familien tek omsyn til kulturminne og byggeskikk. Det nye våningshuset er i tømmer (lafta) og torvtak. Hovudkonstruksjonane i det nye sauefjøset til over 3.2 mill kroner har  konstruksjonar i limtre. Også det nye fjøset er bygd med torvtak.  I tuna på Røymon er elektrisiteten ført fram i jordkabel, for å få unngå luftspenna..

I 2012 var Anne Grete også ein av fem i finalen til årets unge bonde. Dit kom ho i skarp konkurranse med 164 unge bønder over heile landet.

Fylkesmannen synes det er svært viktig at det vert oppretthalde drift på desse areala, at det vert satsa på nye bygningar, nytt driftsapparat  og auka buskap.

Kandidaten er ein verdig vinnar av kulturlandskapsprisen for Møre og Romsdal 2014.

Prisen er på kr 10.000 pluss eit kunstverk (Kulturlandskap,tresnitt av Lars Ch Istad) og diplom. 

Oversiktsbilde ov Røymoen

Oversiktsbilde ov Røymoen

Oversiktsbilde over Røymoen

Tunet på Røymoen

Tunet på Røymoen

Om kulturlandskapsprisen

Fylkesmannen i Møre og Romsdal deler årleg ut ein kulturlandskapspris  til grunneigarar eller lag som markerer seg på ein positiv måte i arbeidet med kulturlandskapet.

Fylkesmannen  ønskjer å gje prisen til gode ambassadørar for bygde-Norge og for landbruket. Drifta skal medverke  til ei positiv fokusering på dei verdiane som landbruket representerer.

Dei generelle kriteria som kandidatane vert vurderte etter er:

  • At ålmenta har tilgang til å oppleve kvalitetar i landskapet gjennom friluftsliv og rekreasjon.
  • At drifta bidreg til ei positiv fokusering på dei verdiane som landbruket representerer.
  • At kandidatane med utgangspunkt i kulturlandskapet og tradisjonar har skapt ny næring på garden.
  • At det vert teke omsyn til biologisk mangfald, kulturminne, byggeskikk og andre miljøverdiar i drifta.
  • At drifta tek omsyn til miljøutfordringar på bruket og i nærområdet.

Alle kriteria treng ikkje vere oppfylte på ein gong.   Prisvinnaren i 2014 stettar fleire av kriteria  prisen skal vurderast etter.

Kandidatane er vurdert av kulturlandskapsgruppa.