Foreslå kandidatar til kulturlandskapspris 2016

Fylkesmannen inviterer lag, organisasjonar, kommunar og einskildpersonar til å komme med forslag på kandidatar til Kulturlandskapsprisen før 1. august 2016.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil også i år dele ut Kulturlandskapsprisen. Prisen skal gå til ein eller fleire gardbrukarar som utmerkar seg med miljøvenleg drift, og den skal delast ut under opninga av Dyregoddagane i Gjemnes 2. september.

Kandidatane skal mellom anna vurderast etter desse kriteria: 

  • At ålmenta har tilgang til å oppleve kvalitetar i kulturlandskapet gjennom friluftsliv og rekreasjon. 
  • At drifta medverkar til ei positiv fokusering  på dei verdiane som landbruket representerer. Kandidatane er med på å skape eit ope landbruk i tillegg til eit ope landskap. 
  • At kandidatane med utgangspunkt i kulturlandskapet og lokale tradisjonar har skapt ny næring på garden. 
  • At det vert teke omsyn til kulturminne, byggeskikk og miljøverdiar som til dømes biologisk mangfald i drifta. 
  • At drifta tek omsyn til ulike miljøutfordringar på bruket og i nærområdet.

Alle kriteria treng ikkje å vere oppfylt på ein gong, men prisvinnaren må vere ein god ambassadør for Bygde-Norge og for landbruket. Det er ein føresetnad at der er aktiv drift på bruket, og at miljøkrava i forskrift om produksjonstilskot i jordbruket er oppfylte. Det bør vere eit kvalitetssystem (KSL) på bruket som fyller minstekrava i plante- og husdyrproduksjonen.

Forslaget må innehalde ei kort grunngjeving for kvifor kandidaten fortener å få Kulturlandskapsprisen 2016, og bilete frå det aktuelle bruket.