Europeisk kulturminnepris til Storfjordens Venner

Storfjordens Venner er tildelt EU sin kulturminnepris/EU Nostra Pris 2016. Dette er den mest prestisjetunge prisen innan kulturminnearbeid i Europa. Foreninga får prisen i kategorien "Spesiell innsats".

Det er i alt 28 ulike prisvinnarar i ulike kategoriar. Prisvinnarane kjem frå heile Europa, og Storfjordens Venner er einaste prisvinnar frå Noreg i 2016.

I juryen si grunngjeving for å tildele prisen til foreininga heiter det m.a. "Storfjordens Venner sitt engasjement over lang tid for å ta vare på kulturlandskapet og den verneverdige lokale arktekturen har gjort foreininga veldig fortent til denne EU prisen." Juryen er "imponert over den store entusiasmen for å ta vare på bygningane, noko som viser gjennom deira store innsats for området". Prisen vert utdelt ved ei stor markering i Madrid 24. mai. Der vil representantar for Storfjordens Venner vere til stades. I tillegg vert det ei lokal markering, truleg i Geiranger, i september.

Tekst: Storfjordens Venner.

Les meir på Storfjordens venner si nettside.