Klima- og miljøtiltak

Gjennom Klima- og miljøprogrammet kan Fylkesmannen løyve prosjekttilskot til kunnskapsutvikling, utgreiingar og informasjonstiltak innan klimagassutslepp, klimatilpassing, vassmiljø, kulturlandskap og naturmangfald.

Måla for klima- og miljøprogrammet er å bidra til:

  • At mat skal produserast med god ressursbruk og minst mogeleg forureining, klimagassutslepp og tap av biomangfald
  • Å auke landbruket sitt miljøbidrag, som kulturlandskap, biologisk mangfald, karbonbinding og produksjon av biogass.
  • Å tilpasse agronomi og dyrkingssystem til endra klimatilhøve, med sikte på å oppretthalde eller auke matproduksjonen og ivareta produksjonsressursane

Programmet støttar praktisk retta kunnskapsutvikling, utgreiingar og informasjonstiltak som kan bidra til at vi når desse måla.

Innanfor dei nasjonale rammene har vi prioritert fylgjande tema for Møre og Romsdal i 2017:

  • Robust matproduksjon med tanke på overvintring og endra klima
  • Lagring og handtering av husdyrgjødsel og biorest frå biogassanlegg
  • Grøfting og hydroteknikk
  • Klimagassutslepp frå jordbruket og tiltak for å redusere utslepp av lystgass og metan
  • Energieffektivisering

Desse kan søkje om tilskot:

  • Landbruksføretak eller andre bedrifter
  • Fag- eller næringsorganisasjonar
  • Kompetansebedrifter, utgreiings- og forskningsmiljø
  • Forvaltningsorgan som arbeider for betre miljøpraksis

10.05.2019

Aksjon for innsamling av mekanisk avfall

I Møre og Romsdal blir det no satsa på å samle inn og gjenvinne gammalt, utrangert mekanisk avfall. Gamle landbruksmaskiner, reiskap, oljefat, tankar og anna mekanisk utstyr blir mange plasser sett bort i kanten av eit jorde eller i skogen, når det blir utrangert. No kan det bli ei endring på det.

21.03.2018

Søk om midla frå Klima- og miljøprogrammet

Klima- og miljøprogrammet skal bidra til å oppnå måla for klima og miljø i landbrukspolitikken, gjennom å gj tilskot til kunnskapsutvikling, utgreiingar og informasjonstiltak.