Tap av areal

Tapet av matjord må reduserast til under 4000 dekar per år, og reduksjonen skal skje gradvis innan 2020. Dette er sentrale målsettingar i nasjonal jordvernstrategi, som Stortinget vedtok 8. desember 2015. Kommunane i Møre og Romsdal er den viktigaste jordvernmyndigheita i fylket, og må ta sin del av ansvaret for å nå målsettinga.

KOSTRA er eit nasjonal informasjonssystem, som gjev informasjon om kommunal og fylkeskommunal verksemd. KOSTRA syner blant anna tal dekar omdisponert dyrka og dyrkbart areal godkjent etter jordlova og plan- og bygningslova. Bustad, næringsbygningar og samferdselsformål stod for 71 % av omdisponeringa av dyrka jord nasjonalt i 2014. Dyrka jord er fulldyrka mark, overflatedyrka mark og innmarksbeite.


06.10.2016

Urovekkjande høgt tap av matproduserande areal i Møre og Romsdal

KOSTRA-tal viser mindre tap av matproduserande areal i Møre og Romsdal i 2015 samanlikna med 2014. Men framleis er vi det fjerde største fylket i landet i høve omdisponering av dyrka mark. Ut frå det begrensa arealet vi har i Møre og Romsdal, er resultatet for 2015 urovekkjande.