Tilskot til drenering av jordbruksjord

God grøftetilstand er viktig for å kunne auke matproduksjonen i åra som kjem. Drenering er også eit viktig tiltak, for å tilpasse jordbruket til eit endra klima med meir nedbør. God drenering reduserer faren for erosjon frå jordbruksareal, og er såleis også med på å  oppretthalde god vasskvalitet og eit godt vassmiljø. Godt drenert jord slepper dessutan ut mindre lystgass enn vassmetta jord, og grøfting av vassmetta jord er dermed også eit godt klimatiltak.

I 2013 vart det innført tilskot til drenering, eller oppattgrøfting av tidlegare grøfta jord. Både den som eig jordbruksareal og den som leiger jordbruksareal kan søkje om tilskot til drenering, dersom arealet har vore grøfta tidlegare.

Dersom arealet skal drenerast med systematisk grøfting, profilering eller omgraving, kan det løyvast opp til kr 2 000 pr daa i tilskot. Dersom arealet skal grøftast med enkeltgrøfter eller avskjeringsgrøfter, kan det løyvast kr 30 pr løpemeter grøft, men avgrensa oppover til kr 2 000 pr daa areal som har nytte av tiltaket.

Det kan ikkje løyvast tilskot der tiltaket medfører vesentleg skade for annan eigedom og naturmangfald, der tiltaket kan føre til vesentlig fare for flaum og vassforureining eller fare for skade på automatisk freda kulturminne. Det kan heller ikkje løyvast tilskot der tiltaket er sett i gang før tilskotet er løyvd.

På www. Landbruksdirektoratet.no er det lagt ut søknadsskjema som skal nyttast i alle saker, der det blir søkt om tilskot. Der finn du også skjema for dreneringsplan, og for miljøvurdering av tiltaket.