Vi inviterer kommunar til fagseminar

Tradisjon tru arrangerer Fylkesmannen også i år samling for kommunane om landbruksforvaltning, i 2018 er datoane 11.-12.september. Dette blir ei viktig samling for kommunane, både for nettverksbygging og fagleg påfyll.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.08.2018

Hovudtema

Hovudtema i år er automatisk masseoppdatering av arealtal i Landbruksregisteret, kontroll av arealbaserte tilskot og nytt gjennomgåande søknads- og sakshandsamlingverktøy, AGROS.

Korrekt kart er viktig

I år er Ingrid Tenge frå NIBIO invitert for å halde innlegg om den automatiske masseoppdateringa av arealtal i Landbruksregisteret, og korleis det kan påverke kontroll av arealbaserte tilskot. Det skal også vere gruppearbeid og erfaringsutveksling mellom kommunane på dette viktige temaet. Her må kommunane vere oppdaterte, for å unngå problem under sakshandsaming av tilskot denne hausten. Arealtala i Landbruksregisteret byggjer på kartet, og er viktige for rett utrekning av arealbaserte tilskot.

Kontroll

Andre tema om produksjonstilskot i jordbruket står og på programmet. Utfordringar med å gjennomføre kontroll på dette tilskotet er ei tilbakemelding Fylkesmannen har fått frå fleire kommunar, og ein vil derfor også sette av tid til erfaringsutveksling om kontrollarbeid. – Vi ser samlinga som ei nyttig arena for kommunane der dei kan finne kunnskap like mykje ifrå erfaring frå andre kommunar som frå informasjon gjeve av Fylkesmannen, seier Landbruksdirektør Frank Madsøy.

Andre tema

I tillegg til desse hovudtema er det fleire små innlegg om andre tilskotsordningar i jordbruket. Jordbruksforvaltninga i kommunane har ansvar for eit breitt fagområde. I år vert det sett fokus på vurderingar i forhold til naturmangfaldslova ved tildeling av SMIL- og dreneringstilskot, avlingsskadeerstatning, utsiktsrydding, samt ei oppsummering av forvaltningskontrollar Fylkesmannen har gjennomført i kommunane våren 2018. Kommunane vil også bli inviterte til å gje innspel på nytt regionalt miljøprogram for ny planperiode, samt innspel til nye veterinærvaktområde.

Kontaktpersoner

Dokumenter