Produksjonstilskot blir utbetalt

Mjølkekyr på beite på Auresetra i Sykkylven
Mjølkekyr på beite på Auresetra i Sykkylven

Onsdag 4. juni blir produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid betalt ut til alle som søkte om dette innan 20. januar 2014. 2281 av desse er i fylket vårt. Søkjarane vil normalt få pengane på konto innan fredag 6. juni.

Frå og med tirsdag 3. juni kan kvar enkelt søkjar laste ned brevet som viser berekna tilskot frå Elektroniske tjenester – Søk produksjonstilskudd i jordbruket. Innan 7. juni vil dei fleste også ha fått brevet i posten.

Enkelte søknader er ikkje ferdig behandla, og desse vil motta ei melding om det. Dei fleste av desse blir innvilga etter nærare undersøkingar. Dersom du har spørsmål om utbetalinga, kan kommunen si landbruksforvaltning svare og gje meir opplysningar.

Tilskotsbrevet viser førebels berekning av maksimalt avløysartilskot for 2014. Dette tilskotet blir det søkt om i januar 2015, og utbetaling skjer i juni/juli 2015. Berekninga er gjort på grunnlag av Staten sitt tilbod. Dei endelege satsane er klare etter Stortinget si behandling av jordbruksoppgjeret 17. juni. Då blir også jordbruksavtalen tilgjengeleg.

Produksjonstilskot og avløysartilskot

Tilskotssøknadene blir behandla av kvar enkelt kommune, men har ei felles forvaltningsrutine for heile landet.

Utbetalinga utgjer i alt ca 3,7 mrd, og for vårt fylke er det berekna ca 268,1 mill kroner. Produksjonstilskot er eit samlebegrep for fleire tilskot i jordbruket, slik som tilskot til husdyr, driftstilskot til mjølkeproduksjon/spesialisert kjøtfeproduksjon, økologisk husdyrproduksjon, areal- og kulturlandskapstilskot, osv.

Produksjonstilskotet skal styrke og jamne ut inntektene i jordbruksføretaka, både når det gjeld bruksstorleik og geografisk plassering. I tillegg skal enkelte tilskotsordningar fremme bestemte formål, for eksempel å medvirke til å skjøtte, vedlikeholde og utvikle kulturlandskapet, stimulere til auka beiting, støtte husdyrhold med bevaringsverdige storferasar, fremme økologisk landbruk, og stimulere til kvalitetsproduksjon i grønt- og potetproduksjon.

Avløysartilskot ved ferie og fritid er en refusjonsordning som skal gi jordbruksføretak mulegheit til å ta ut ferie og fritid. Avløysing ved ferie og fritid må ordnast som eit arbeidsgjevar/arbeidstakarforhold, men bonden kan overlate arbeidsgjevaransvaret til eit avløysarlag eller avløysarring. Kostnader til løn og arbeidsgjevaravgift blir refundert inntil ein maksimal sats per føretak per år, avhengig av tal husdyr, m.m.

Landbruket i Møre og Romsdal har effektivisert drifta kraftig. Figuren her viser at i kvar bonde i gjennomsnitt dreiv 142 dekar i 2000, mens i 2013 dreiv kvar enkelt bonde nærare 200 dekar. Talet på føretak har gått ned frå 4646 i 2000 til 2851 hausten 2013.

Utvikling i tal bønder og arealet kvar enkelt driv frå 2000 til 2013

Utvikling i tal bønder og arealet kvar enkelt driv frå 2000 til 2013