Ny søknadsrunde produksjonstilskot august 2014

Søknadsmateriellet til kommande søknadsomgang for produksjonstilskot er ferdig produsert og under utsending. Du kan laste ned det du treng frå Landbruksdirektoratet, og lenkene finn du her. Frå 31. juli kan du levere søknaden.

Frist

Fristen for å søkje produksjonstilskot er 20. august, men du kan søkje allereie frå 31. juli. Det er ofte stor pågang siste dagane, så ver ute i god tid.

Utsending av materiell

I veke 29 og starten av veke 30 (siste halvdel av juli) vert det sendt ut informasjon om kommande søknadsomgang til alle som søkte i august 2013 eller januar 2014 og som ikkje har reservert seg mot å få materiell i posten. Rettleiingshefte og anna relevant informasjon kan du finne på www.landbruksdirektoratet.no eller ved å ta kontakt med din kommune.

Rettleiingshefte

Rettleiingsheftet inneheld informasjon om regelverk og tilskotsordningar. Du kan også lese om endringane etter jordbruksavtalen i år og korleis du fyller ut søknaden.

Søk via internett

Alle vert oppmoda om å levere søknaden via internett. Det er den sikraste metoden. Landbruksdirektoratet har laga godt materiell, som viser korleis du kan logge på Altinn, finne rett skjema, fylle det ut, kontrollere opplysningane og sende inn søknaden. Når søknaden er sendt, kjem den i innboksen til din saksbehandlar i kommunen, og du får kvittering for at søknaden er levert.

Levering via internett reduserer risikoen for feil i søknaden, fordi den blir kontrollert under utfyllinga, og det er trygt å levere via internett. 

Når du loggar på Altinn, kan du identifisere deg med BankID, MinID eller BuyPass (smartkort med kortlesar kobla til datamaskina)