No kjem produksjonstilskotet du søkte på i august 2013

Innan fredag 7. februar vil produksjonstilskotet for søknadsomgangen august 2013 vere på konto til dei fleste bøndene over heile landet, 2717 av dei er i vårt fylke. Søkjarane vil få melding om utbetalinga i veke 6 og 7. Formålet med produksjonstilskotet er «å bidra til et aktivt og bærekraftig jordbruk innenfor de målsettinger Stortinget har trukket opp». Produksjonstilskotet er eit samlebegrep for fleire tilskotsordningar til husdyr, skjøtsel av kulturlandskap og til dyrking av ulike vekster, som grovfôr, korn, osv.

Sidan august har søknadene vore gjennom eit system med saksbehandling og kontroll, som er felles for heile landet. Først gjekk kommunane gjennom søknadene, og seinare har alle søknadene blitt maskinelt kontrollerte og samanlikna med ulike dataregister gjennom 3 runder. Dette er med og sikrar kvaliteten på utrekninga av tilskot til kvar enkelt søkjar.

Alle som driv vanleg jordbruksproduksjon, fyller visse grunnvilkår og sender inn søknad, får desse tilskota. Utbetalinga etter augustomgangen er på 352 mill kroner i Møre og Romsdal. Dei to største tilskotsordningane er tilskot til areal og kulturlandskap etterfulgt av tilskot til husdyr og til mjølkeproduksjon.

Statistikken viser m.a. at vi no har 891 mjølkeprosusentar og at 1493 har hatt dyr på utmarksbeite. Husdyr på beite er avgjerande for god skjøtsel av kulturlandskapet. Det er også 104 bønder som driv økologisk produksjon. (Dette er foreløpige tal).

Storfe på beite held ved like kulturlandskapet

Kulturlandskapspleie

Spørsmål om produksjonstilskotet kan rettast til kommunen. Søkjarar som meiner utbetalinga er feil eller mangelfull, må klage til kommunen innan 3 veker etter at melding om tilskotet vart mottatt.

Statens landbruksforvaltning har informasjon og statistikk om produksjonstilskot på www.slf.dep.no