Nydyrking

Som nydyrking vert rekna fulldyrking og overflatedyrking av udyrka mark eller oppattdyrking av jordbruksareal, som har lege unytta i over 30 år. Opparbeiding av overflatedyrka mark til fulldyrka mark vert ikkje rekna som nydyrking.

Dersom du ønskjer å dyrke nye areal til jordbruksføremål, må du søke kommunen om godkjenning. Dette er heimla i forskrift om nydyrking. Formålet med forskrifta er å sikre at nydyrking skjer på ein måte som tek om­syn til natur- og kultur­landskapsverdiane.

Når kommunen skal behandle søknaden, må dei vurdere:

  • om det er ønskeleg å styrke drifts­grunnlaget til den som søker (om bruket til søkar objektivt sett vert styrka ved at arealet vert nydyrka)
  • om nydyrkingstiltaket legg til rette for gode løysingar for drifta (som reduserte kostnader ved drifta, teig­størrelsar og driftsavtanden)
  • tiltaket etter føresegnene i kapittel II i naturmangfaldlova
  • krava til vegetasjonssoner mot vassdrag

I tillegg skal det takast omsyn til fylgjande:

  • Dersom nydyrkingsarealet er over 50 dekar (eit vedlegg II-tiltak) skal kommunen behandle tiltaket etter Forskrift om konsekvensutgreiingar for tiltak etter sektorlover § 3. Nydyrkingstiltak på mindre enn 50 dekar skal òg behandlast etter § 3 dersom ein ikkje kan sjå vekk frå at tiltaket kan få vesentlege verknadar for naturmangfald eller andre viktige miljøomsyn. For meir informasjon om dette kan du kontakte kommunen din eller fylkesmannsembetet ditt.
  • Dersom nydyrkingstiltaket utgjer 15 dekar eller meir av samla overflate over ein periode på fem år, vert det rekna som eit ”større privat tiltak”, og vert omfatta av undersøkingsplikta i kulturminnelova § 9. I desse sakene vil nydyrkingsforskrifta og kulturminnelova gjelde side om side.

17.12.2018

Endring i reglane om nydyrking

Regjeringen har 14.12. sendt over til Stortinget en lovproposisjon om endring i jordloven § 11 andre ledd. Lovendring er nødvendig, for at det skal bli mogleg å innarbeide eit forbud mot nydyrking av myr i nydyrkingsforskriften.