Kurs i andelslandbruk

NORSØK, Landbruk Nordvest og Norsk landbruksrådgiving Trøndelag arrangerer kurs i andelslandbruk våren og sommaren 2018. Kurset går over tre samlingar og er eit tilbod til bønder, gartnarar, andelshavarar eller andre interesserte som er i gang eller planlegg å starte opp andelslandbruk.

Kurset vil vere praktisk retta og gi grunnlag for planlegging, drift og deltaking i andelslandbruk. I kurset vert det lagt vekt på plantedyrking, økologiske dyrkingsprinsipp, kompostering, jordkultur, plantevern og vekstskifte. Vidare får kursdeltakarane innblikk i historie til andelslandbruket, eksempel på andelslandbruk nasjonalt og internasjonalt og innføring i økonomi, budsjettering og ulike organisasjonsformer.

Samspel, fellesskap og sosial verdiskaping vil ha ei sentral rolle under alle samlingane. Kurset tek utgangspunkt i deltakarane sine eigne andelslandbruk eller planlagte prosjekt.  Deltakarane vert oppfordra til å arbeide med oppgåver mellom samlingane og får rettleiing undervegs.