Fagdag om omgraving av myr

Er omgraving av myr som dyrkings- og dreneringsmetode smart? Torsdag 19. oktober  kl 10-16 kan du vere med på fagdag om dette temaet på Hustad i Fræna. 

Under fagdagen blir det foredrag, som tek opp tema knytt til metode, klimagassutslepp, avlingar, økonomi og tilskotsordningar.  Du får også sjå på eit felt, som er under omgraving.

Kunnskapsrike personar frå NIBIO, NORSØK, Landbruk Nordvest og Fylkesmannen i Møre og Romsdal held innlegg.  

Vedlagt finn du invitasjon og program med informasjon om påmelding.

Landbruk Nordvest, NIBIO, NORSØK og Fylkesmannen i Møre og Romsdal samarbeider om dette arrangementet.

Kontaktpersoner

Stor omlegging i søknad om produksjonstilskot 2017

Nytt systemet for produksjonstilskot vart sett i drift frå 1. mai 2017. Søknadsfrist del 2 er 15. oktober. Ver merksam på at søknadsfristen 15. oktober er endeleg. Søknaden må levereast via internett.