Erstatning etter offentlege pålegg

Mattilsynet kan pålegge føretak å sanere plantar som ledd i å bekjempe smittsomme plantesjukdomar. Jordbruksføretak som har hatt økonomiske tap i samband med gjennomføring av slike pålegg frå Mattilsynet, kan søkje om erstatning, for å dekke tapet. Føremålet med ordninga er å bidra til å bekjempe uønska og farlege planteskadegjerarar, å bidra til trygg mat, og å gje økonomisk erstatning til dei som er råka, for å redusere belastninga ved ulike bekjempingstiltak.

Erstatning etter offentlig pålegg som følgje av planteskadegjerarar skal redusere tapet for føretak, som får store økonomiske utgifter etter eit offentleg pålegg.  Det dekkjer ikkje alle ulike kostnader som måtte påløpe som følgje av pålegget. Dette kan erstattast: - planter og plantedeler, som er pålagt destruert - maskiner og redskap, som er pålagt destruert - nødvendig materiell  - arbeidskostnader som er omfatta av pålegget Søknaden må sendast til fylkesmannen innan 6 måneder etter at pålegg er gjennomført.  Søknaden kan fremmast elektronisk via Altinn eller på papirskjema

Rettleiingar og annan relevant informasjon finn du på Landbruksdirektoratet sine heimesider

www.landbruksdirektoratet.no