Status erstatning for avlingssvikt i 2018

Avlingssvikt i grovfôrproduksjonen vart nokre plasser forverra av overvintringsskader.
Avlingssvikt i grovfôrproduksjonen vart nokre plasser forverra av overvintringsskader. (Foto: Arnold Hoddevik)

Tørkesommaren i 2018 førte til avlingssvikt for mange. Fylkesmannen har fått inn over 250 søknader om erstatning for klimabetinga avlingssvikt.

Lite nedbør og store variasjonar

Årets vekstsesong var tørr. Frå mai til september kom det lite regn, og mange har fått avlingssvikt som følgje av det. Vi ser eit klart skilje mellom indre og ytre deler av fylket. Av det vesle som kom av nedbør denne sommaren, fekk dei midtre og ytre delane av fylket mesteparten. Det er også stor forskjell mellom bygder og heilt ned på teigar på kor utsett jorda er for tørke. Mange har dermed fått ei avling på meir enn 90 % av det dei normalt brukar å få, medan andre har endt opp med mindre enn 50 % av det dei brukar å få.

Mange søknader om erstatning

'Det er registrert 258 søknader om erstatning for klimabetinga avlingssvikt. Av desse er 206 for vekstgruppe grovfôr med husdyr, 25 for vekstgruppe grovfôr salsproduksjon, 22 for vekstgruppe korn, 3 for vekstgruppe bær, 1 for vekstgruppe potet og 1 for vekstgruppe grønnsaker. Dei fleste søknadene er så langt ferdig behandla. Målet er å vere ferdig med alle erstatningssøknadene i løpet av dette kalenderåret.

Viktig med jordbruk i heile landet

Sjølv om dette betyr mykje avlingssvikt, må vi huske at fylket vårt har komme bra frå det, samanlikna med Austlandet og Sørlandet. Også dei andre vestlandsfylka og Trøndelag har eit liknande bilete som Møre og Romsdal. Nord-Norge har tilnærma normalavlingar. Dette viser kor viktig det er å ha aktivt jordbruk i heile landet.

Link i høgre margen fører til oversikt over heile landet.