Frist for å melde frå til kommunen om tap av innvintra bikuber

Det kan gjevast erstatning for av produksjonskuber på grunn av vinterklima.

Du må ta kontakt med kommunen så snart som mogleg, og seinast innan 15. mai.

Vilkåra er at bikubene skal vere robuste og i "god drift" før overvintringa - godt førebudde for vinteren med god plassering, fôring og førebygging av sjukdom.

På www.slf.dep.no finn du meir informasjon om vilkår, framgangsmåte og korleis du kan søkje om erstatning.