Erstatning etter klimabetinga avlingssvikt

Jordbruksføretak kan søkje om erstatning for å redusere økonomiske tap ved klimabetinga avlingssvikt i plante- og honningproduksjonen.  Ordninga gjeld berre avlingsskader som er forårsaka av været, og som det ikkje er råd å forsikre seg mot. Produksjonen må drivast fagleg forsvarleg, og produsenten må førebygge og avgrense skadane. Føretaket må melde frå til kommunen om mogleg avlingssvikt straks det er klart at der kan bli produksjonssvikt på grunn av frost, tørke, store nedbørsmengder, flaum, eller dårleg blomstring for honningproduksjon. Det må alltid meldast frå før innhausting av avlinga og før slynging av honninga.

Når vi skal rekne ut om du kan få erstatning, må du først dokumentere kor stor avlinga er i kg i skadeåret. Deretter må det leggast fram dokumentasjon på kor stor avling du har hatt i den same produksjonen kvart år dei siste fem åra. Då må du kunne legge fram rekneskapsbilag, som viser kor stor avling du har hatt i kg kvart år. Vi reknar så ut gjennomsnittsavlinga for dei siste fem åra. Dersom avlinga i skadeåret er redusert med meir enn 30% i forhold til gjennomsnittsavlinga, kan du ha rett på erstatning, dersom du har oppfylt dei andre krava:

    1. Du må melde tidleg i frå om skade eller mistanke om skade
    2. Søk innan fristen 31. oktober
    3. Sørg for å avgrense tapet mest mogleg
    4. Du må ha meir enn 30 % svikt i honningproduksjonen eller i den enkelte vekstgruppa i planteproduksjon
    5. Det er ikkje mogleg å forsikre seg mot tapet gjennom t.d. allment tilgjengeleg forsikringsordning
    6. Produksjonssvikten skuldast klimatiske forhold
    7. Føretaket må drive fagleg forsvarleg

02.08.2018

Erstatning for avlingssvikt - kontakt kommunen tidleg

Fylkesmannen ventar at det blir mange søknader om erstatning for avlingssvikt i år. Tørkesommaren har gitt små avlingar, og ein del har fått så stor avlingssvikt at det er grunnlag for å søke erstatning.

02.08.2018

Små avlingar i 2018

2018 vil bli huska som eit år med rekordvarme og rekordlite regn. Dessverre er det ikkje gunstig for avlingane våre. 

07.06.2017

Overvintringsskade på eng? Dokumenter skaden og kontakt eventuelt kommunen!

Fleire kommunar har meldt frå om overvintringsskader på eng i år. Det er mest i indre og høgareliggande område vi har fått melding om skade, og skaden viser seg som uttynning i enga eller at enga flekkvis har gått heilt ut.

17.12.2018

Status erstatning for avlingssvikt i 2018

Tørkesommaren i 2018 førte til avlingssvikt for mange. Fylkesmannen har fått inn over 250 søknader om erstatning for klimabetinga avlingssvikt.