Avløysing ved ferie og fritid

Tilskot til avløysing ved ferie og fritid er ei av velferdsordningane i jordbruket, men blir søkt om og utbetalt saman med produksjonstilskot. Frå og med 2017 er det ein del endringar. Som for produksjonstilskot er det no éin søknadsomgang som føl kalenderåret, men med to registreringstidspunkt (1. mars for Del 1 og 1. oktober for Del 2, med mai i staden for mars i overgangsåret 2017).

Frå og med 2017 er maksimalt avløysartilskot basert på middel (gjennomsnitt) av tal dyr på registreringsdatoane for Del 1 og Del 2.

Avløysartilskot blir det søkt på i Del 2, som har søknadsfrist 15. oktober. Då kan det registrerast faktiske utgifter fram til og med søknadsdato. Søknadsskjemaet vil vere ope for å etterregistrere utgifter fram til 10. januar året etter. Føretak som ikkje har utgifter til avløysing før etter 15. oktober, men som reknar med å få det seinare, og skal søke om avløysartilskot, må krysse av for at det skal søkje om avløysartilskot, sjølv om beløpet førebels er 0.

Avløysartilskotet er ei refusjonsordning, og utbetalt avløysartilskot blir det lågaste av maksimalt avløysartilskot og faktiske utgifter. Føretak må ha søkt om produksjonstilskot i enten Del 1 eller Del 2 (eller begge) og avløysartilskot i Del 2 i søknadsåret, for å få utbetalt avløysartilskot.


04.01.2017

Søk avløysartilskot innan 20. januar 2017

Føretak som dreiv jordbruksproduksjon i 2016 må hugse å søkje om avløysartilskot innan 20. januar 2017. Søknaden blir levert saman med søknad om produksjonstilskot, og blir behandla samtidig.