Autorisasjon for bruk av plantevernmiddel

Plantevernmiddel blir i hovudsak brukte til å bekjempe ugras, skadedyr og sopp i ulike plantekulturar. Det finst både kjemiske og biologiske middel. Salg og bruk av plantevernmidldel er regulert gjennom Forskrift om plantevernmidler. Eit plantevernmiddel kan berre brukast i samsvar med innhaldet på etiketten. For å kunne kjøpe og bruke yrkespreparat av plantevernmiddel, må du ha gjennomført eit autorisasjonskurs og  bestått eksamen, slik at du får tildelt eit autorisasjonsbevis.

Kurset for dei som skal ha autorisasjonsbevis for første gang består av eit teoretisk kurs, ein obligatorisk praksisdag og eksamen. Dei som skal fornye autorisasjonsbeviset, tek eit obligatorisk teorikurs samt ei avsluttande oppgåve.