Orienterer om nytt regelverk i jordbruket

Christian Finnanger frå Landbruksdirektorat kjem til Molde måndag 9. februar, der han vil orientere tilsette i kommunane i Møre og Romsdal om korleis det nye regelverket skal handterast.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 03.02.2015

Frå 1. januar 2015 trådde ei ny forskrift om produksjonstilskot i jordbruket i kraft, med til dels store endringar i regelverket frå den førre forskrifta. Hovudtanken bak den nye forskrifta var at produsentar og forvaltning no skulle få eit enklare regelverk å halde seg til. Det særskilte regelverket for samdrifter er fjerna i den nye forskrifta, og dermed har regelverket omkring driftsfellesskap mellom føretak kome meir i fokus. Ulike føretak kan ikkje samarbeide for tett, og dei skal drive for eiga rekning og risiko, dersom dei ynskjer å søkje om separate tilskot. Føretak som i realiteten driv i driftsfellesskap skal opplyse om dette, slik at tilskota blir rekna ut på grunnlag av samla eller felles drift.

Den 16. januar 2015 vedtok Landbruks- og matdepartementet ei forskrift om amnesti for føretak som er i driftsfellesskap, men som hittil har søkt om separate tilskot. Dei føretaka som melder frå om at dei driv i driftsfellesskap innan 1. mars 2015, vil ikkje bli kontrollerte for tidlegare søknadsomgangar, og vil dermed ikkje risikere å få krav om å betale attende tilskot som er utbetalte tidlegare på grunnlag av driftsfellesskap. Denne forskrifta er mellombels, slik at ordninga med amnesti gjeld berre ved den søknadsomgangen vi er inne i no, og berre for dei som sjølve melder frå om at dei driv i driftsfellesskap.  Andre driftsfellesskapssaker som blir avdekka ved kontroll, vil bli handtert på vanleg måte, der konsekvensane kan bli avkorting i tilskot og krav om tilbakebetaling av tidlegare utbetalte tilskot.

Christian Finnanger frå Landbruksdirektorat kjem til Molde måndag 9. februar, der han vil orientere tilsette i kommunane i Møre og Romsdal om reglane i dei nye forskriftene, og gje råd om korleis det nye regelverket skal handterast av landbruksforvaltninga.

Representantar frå pressa er velkomne til å delta på arrangementet, som finn stad på:

Carolus (ved Fylkeshuset), måndag 9. februar kl 10:00 – 14:30