Søk tilskot til tiltak i beiteområde

Det er tid for å planlegge tiltak i beiteområde, som kan bidra til betre utnytting av beiteområda i utmark, redusere tap på utmarksbeite eller fremje fellestiltak. Søk om tilskot til slike tiltak no.

Det er først og fremst beitelag og andre former for organisert samarbeid som får tilskot. I område der det er berre ein brukar att som driv med utmarksbeiting, kan det unntaksvis også løyvast tilskot til enkeltføretak.

Fylkesmannen kan gje tilskot til faste installasjonar i utmark, som t.d. sperregjerde, ferister, bruer, sankeanlegg m.m. Det kan også løyvast tilskot til radiobjøller og e-bjøller, men Fylkesmannen prioriterer å gje tilskot til Møre og Romsdal Sau og Geit (MRSG) for innkjøp av slikt utstyr, som MRSG så leiger ut att til lokale beitelag.

Du finn søknadsskjema på www.landbruksdirektoratet.no, under overskrifta Miljø og økologisk.

Søknaden skal sendast til kommunen der du bur, men det er Fylkesmannen som løyver tilskot. Fylkesmannen tek sikte på å handsame innkomne søknader i byrjinga av mai, så dersom du har planer om å søkje tilskot, må du levere søknaden til kommunen i god tid før 1. mai 2017.

Formålet med tilskot tiltiltak i beiteområde er å legge til rette for best mogeleg utnytting av beite i utmark, å redusere tap av dyr på utmarksbeite, og å fremme fellestiltak i beiteområde i utmark.