Tilskot til tiltak i beiteområde

Føremålet med ordninga er å legge til rette for best mogeleg utnytting av beite i utmark, å redusere tap av dyr på utmarksbeite og å fremje fellestiltak i beiteområde i utmark. Det er for det meste oppføring av faste installasjonar i utmark som får tilskot etter denne forskrifta. Ved planlegging og gjennomføring av tiltak er det viktig med dialog og samhandling med andre brukargrupper som har interesser i området. Dette kan være andre næringsdrivande innanfor landbruk og reindrift, grunneigarar, hytteeigarar, turisme og idrettslag.

Det er først og fremst beitelag og andre former for organisert samarbeid som blir prioriterte for tilskot. I område der det er berre ein brukar att som driv med utmarksbeiting, kan det unntaksvis også løyvast tilskot til enkeltføretak.

Tilskot til investeringar Døme på faste og mobile investeringstiltak som kan få tilskot:

  • Sperregjerde som skal hindre beitedyr i å komme ut av beiteområdet, eller for å avgrense beiteområdet mot veg, jernbane, busetnad og samanhangende jordbruksområde.
  • Ferister av godkjent fabrikat eller bygd etter standardteikningar.
  • Bruer som er dimensjonert for føring av beitedyr. Dersom bruene er kraftigare dimensjonert enn nødvendig for føremålet, kan kostnadsoverslag eller tilskot reduserast tilsvarande.
  • Gjetarhytter på inntil 20 m2 av enkel standard
  • Sanke- og skiljeanlegg
  • Anlegg/rydding/ utbetring av driftevegar
  • Saltsteinsautomatar
  • Transportprammar
  • Elektronisk overvakingsutstyr

Tilskot til planleggings- og tilretteleggingstiltak Det kan også løyvast tilskot til ulike typar prosjekt som rettar seg mot organisering og tilrettelegging av utmarksbeite for god og effektiv beitebruk. Dette kan bl.a. omfatte

  • Planlegging og prosjektering av faste installasjonar
  • Ny organisering av beitelag og utmarksbeiteområde
  • Prosjektretta arbeid for stimulering til auka beitebruk og rasjonell utnytting av beita
  • Tidsavgrensa utprøving av nytt utstyr som kan bidra til effektiv og god beitebruk
  • Utarbeiding av beitebruksplan, tiltaksplan, beredskapsplan mv. for utmarksbeite
  • Vegetasjonskartlegging 

16.03.2017

Søk tilskot til tiltak i beiteområde

Det er tid for å planlegge tiltak i beiteområde, som kan bidra til betre utnytting av beiteområda i utmark, redusere tap på utmarksbeite eller fremje fellestiltak. Søk om tilskot til slike tiltak no.