Mattilsynet skal bli betre

Regjeringa vil forenkle Mattilsynet, og vil derfor endre organiseringa frå tre til to nivå. Dagens distriktskontor skal slåast saman med regionkontora til eitt nivå.

Hovedkontoret skal etter denne planen overta all klagebehandling, og Mattilsynet skal drive meir med tilsyn.

Dette er hovedinnhaldet i Regjeringa sin plan for omorganisering av Mattilsynet. Regjeringa vil bruke mindre ressursar på administrasjon og meir på tilsyn.

Tilsynsverksemda er viktig, ikkje minst pga dyrevelferd. I tillegg ønskjer Regjeringa at hovedkontoret tek avgjerd i alle klagesaker. Dette vert gjort for å få lik behandling over heile landet. "Vi har sett eksempler på ulik praksis som følge av at klagebehandling er spredt over hele landet", sier Sylvi Listhaug.

Forslag til endring av Matlova legg til rette for slik omorganisering. Høyringsfristen er 11. august.

Mattilsynet er eit statleg, landsdekkjande forvaltingsorgan som er med på å sikre forbrukarane trygg mat og trygt drikkevatn. Vi skal fremje folke-, plante- , fiske- og dyrehelse, miljøvennleg produksjon og etisk forsvarleg hald av fisk og dyr. Mattilsynet har også oppgåver i høve til kosmetikk og legemiddel, og fører tilsyn med dyrehelsepersonell.

Mattilsynet sine roller er å utarbeide framlegg til, forvalte og rettleie om regelverk, føre eit risikobasert tilsyn, formidle informasjon og kunnskap, og ha beredskap. Mattilsynet skal gi faglege råd til Landbruks- og matdepartementet, Nærings-og fiskeridepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.

Kontaktpersoner

Aktuelt

Mattilsynet er Statens tilsyn for plantar, fisk, husdyr og næringsmidlar