Kvoteordninga for mjølk

Føremålet med kvoteordninga for mjølk er å tilpasse mjølkeproduksjonen til marknaden innanfor dei mål som Stortinget har fastsett. Alle føretal som produserer og leverer mjølk må ha ei mjølkekvote. Leveranse ut over kvota utløyser overproduksjonsavgift.

Ei mjølkekvote er ein rett til å produsere ei gitt mengde mjølk i løpet av ein bestemt periode; kvoteåret. Kvoteåret følger no kalenderåret. Alle mjølkeprodusentar har ei mjølkekvote.

I utgangspunktet kan alle som har ein landbrukseigedom starte opp med mjølkeproduksjon. Det kan skje ved å kjøpe kvote eller leige kvote. Også eksisterande mjølkeprodusentar kan kjøpe eller leige kvote i tillegg til den kvota dei har frå før. I tillegg kan dei også selge eller leige bort.

Ein skiller mellom grunnkvote og disponibel kvote. Grunnkvote er tildelt eller kjøpt til ein eigedom. Den ligg til eigedomen og eigar har råderett over den kvota. Kvart år blir grunnkvota justert med eit forholdstal bestemt av Landbruks- og matdepartementet etter drøftingar med faglaga i jordbruket. Dersom det ikkje blir levert mjølk frå ei mjølkekvote i løpet av ti år fell kvota bort. Disponibel kvote er den kvota eit føretak kan produsere i løpet av eit kalenderår (kvoteår) utan å bli ilagt overproduksjonsavgift. Overproduksjonsavgifta er p.t. på kr 4,80 pr. liter mjølk. Disponibel kvote for eit enkelt føretak eller for ein enkelt landbrukseigedom kan ikkje overstige 900 000 liter.

Dersom ei selger, kjøper elle leiger kvote, kan dette berre gjerast innanfor den produksjonsregionen kvota tilhøyrer. For kumjølk har produksjonsregion vore samanfallande med fylkesgrensene. For geitmjølk har det vore to produksjonsregionar: Nord-Norge og Sør-Norge.

Det er Landbruksdirektoratet som forvalter kvoteordninga. Det er eigne skjema og det er sett fristar for å selge, kjøpe eller leige kvote. Fristane er:

Sal av kvote: 1. august

Kjøp av kvote: 1. oktober

Leige av kvote: 1. oktober

Endringane vil vere gjeldande frå og med påfølgande kvoteår.