Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga

Tilskotsordninga skal medverke til å førebyggje skadar frå rovvilt i husdyrhald og tamreindrift gjennom finansiering av førebyggjande tiltak. Vidare skal midlane nyttast til godtgjering ved forsøk på skadefelling av rovvilt, og medverke til å dempe konfliktar og auke verdiskapinga knytt til førekomst av rovdyr i lokalsamfunn. I tillegg skal midlane dekke omstillingstiltak i område med mykje rovviltskadar.

Primær målgruppe er husdyreigarar og reineigarar, kommunar og lokale organisasjonar. I Møre og Romsdal har ein i kommunane Rindal/Surnadal, Sunndal, Nesset, Rauma og Norddal kommunale rovviltutval som samordnar tilskotshandsamlinga frå sin kommune.

For konfliktdempande tiltak kan også lokale, regionale og landsomfattande organisasjonar og forskingsinstitusjonar søkje om tilskot.

Søknad om tilskot skal sendast i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter (link) innan 15.januar nasjonalt eller 15.februar til Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Søknader som omfattar Møre og Romsdal adresserast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Søknader av nasjonal karakter skal adresserast til Miljødirektoratet. Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller krava til innhald i søknaden. Fylkesmannen handsamar søknaden innafor ei budsjettramme og føringar fastsett av den regionale rovviltnemnda.

Det er fire ulike søknadsskjema ein kan nytte;

Forebyggende tiltak mot rovviltskader for husdyreiere, tamreineiere, m.fl.Konfliktdempende tiltak (rovvilt) for kommuner, organisasjoner m.fl.Akutte forebyggende tiltakOmstillingstiltak for saueeiere

Førebyggjande tiltak mot rovviltskadar for husdyreigarar, tamreineigarar m.fl.

Ein føresetnad for å gi tilskot til husdyr- og tamreineigarar er at tiltaka med stort sannsyn kan ventast å ha ein direkte tapsreduserande verknad. Dette inneber at tiltak som til dømes omfattar utvida tilsynsaktivitet aleine ikkje kan få tilskot. Tiltak som omfattar fellesløysingar med fleire besetningar, heile beitelag, sankelag m.v. vil bli prioriterte for tilskot framfor tiltak i den einskilde besetning. For annan informasjon om kva slag tiltak som kan få tilskot visast til Miljødirektoratet sitt søknadssystem på internett.

Dei mest nytta tiltaka i Møre og Romsdal er tidleg nedsanking av sau, seint slepp av sau, utvida tilsyn, tilsyn ved bruk av voktarhund, bruk av kadaversøkjande hund, etablering av beredskapsbeite, kurs for kadaversøkjande hund, kompetansehevingskurs for jegarar, utvikling av åteplassar og opprusting av feller.

Konfliktdempande tiltak (rovvilt) for kommunar, organisasjonar m.fl

Tiltak i kommunar skal gjere lokalsamfunn som råkast av rovvilt, særleg bjørn og ulv, betre i stand til å handtere konfliktar som disse artene kan skape. Tiltaka skal medverke til auka kunnskap om og forståing for rovvilt og rovviltforvaltning. Tiltak retta mot barn og unge blir prioriterte. Evaluering av verknader av tiltak som er sett i gang kan også få tilskot.

I Møre og Romsdal nyttar vi kvart år ein del av midlane for å støtte forskingsprosjekt. Det kan vere større nasjonale prosjekt, som «Effekt i bruk av kadaversøkjande hund», «Scandlynx – bruk av viltkamera for bestandsovervåking av gaupe», og det kan vere lokale prosjekt som dialogmøter mellom næring, forvaltning og organisasjonar, elle opprusting av skytebana på Skaret med vendbare bjørneskiver.

Akutte førebyggjande tiltak

Viss det oppstår akutte skadesituasjonar i beitesesongen kan Fylkesmannen i Møre og Romsdal løyve middel til akutte tiltak. Akutte tiltak kan vere skadefelling av skadegjerar, etablering av beredskapsbeite, halde sau tilbake på innmark ei periode, tidleg sanking av sau, sankestøtte, ekstra fôring m.m.

Ved akutte tapssituasjonar i beitesesongen, ta straks kontakt med Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Middel til akutte tiltak vert kun løyvd etter avtale med Fylkesmannen på førehand.

Følgjande bør være til stades for at søknad om akutte middel vert løyvd:

  • Det må vere dokumentert eit visst skadeomfang frå freda rovvilt
  • Potensialet for framtidig og vedvarande skade må være til stedes
  • Skadesituasjonen må vere akutt og pågåande

Omstillingstiltak for saueeigarar

Målgruppa er dyreeigarar med utmarksbasert sauehald i i særleg


22.01.2019

Søk tilskot til førebyggande tiltak mot rovviltskader og konfliktdempande tiltak

Det er straks tid for å søkje om tilskot til førebyggande tiltak mot rovviltskadar og konfliktdempande tiltak i beiteområde. Fristen er 15. februar 2019.