Fylkesnytt frå Møre og Romsdal

Oppdatert 21.12.2020

Fylkesnytt er ei felles nyheitsteneste på nett, med artiklar om landbruk og landbruksbaserte næringar.  

Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom statsforvaltarane sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet. Ca to gonger i året leverer kvart embete eit utval artiklar. På denne sida kan du lese om stoff frå Møre og Romsdal.


Publisert 12.03.2024

Fylkesnytt nr. 1/2024 frå Møre og Romsdal

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal presenterer ei ny utgåve av Fylkesnytt, med fylgjande tema: Kva som skal til for å skape matglede hos eldre, landbruksplan med jordvernstrategi i Sykkylven kommune, forvaltningsplanen for det utvalde kulturlandskapet Eikesdalen og strategimøte om skognæringa.


Fylkesnytt nr. 2/2023 frå Møre og Romsdal

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal presenterer ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna om vinnaren av kulturlandskapsprisen som skjøttar kystlyngheia. Andre tema er kartlegging av beiteressursane i verdsarvområdet Geiranger, nytt og spennande samarbeid i kystskogbruket, stor granbarkbille påvist i Møre og Romsdal, og Tingvoll gard som base for NIBIO og NORSØK.


Fylkesnytt nr. 1/2023 frå Møre og Romsdal

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal presenterer ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna om kva som skal til for å nytte vestlandstømmeret endå betre enn vi gjer i dag. Andre tema er kommunane si handheving av driveplikt, Fylkesstrategi for landbruk 2023 – 2026, nesten dobling av planta skogareal i 2022, stipend frå Tredrivaren bidreg til at tresøppel vert designmøblar, og smakar frå Møre og Romsdal på Grüne Woche i Berlin.


Publisert 05.10.2022

Fylkesnytt nr. 2/2022 frå Møre og Romsdal

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal presenterer ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna om glede over midlar til jordvernstrategi i Ørsta kommune. Andre tema er støtte til rådgjeving for storfeprodusentar som har båsfjøs, Kulturlandskapsprisen, Matgledekorpset som inspirerer til mat- og måltidsglede for eldre, Kystskogkonferansen og nest høgaste treet i landet. 


Publisert 10.03.2022

Fylkesnytt nr. 1/2022 frå Møre og Romsdal

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal presenterer ei ny utgåve av Fylkesnytt , mellom anna med ein film om tredrivarsatsinga i fylket. Andre tema er klimaarbeid, utfordringar med veksande hjortebestand og ein rapport som omtalar mogelegheitene for meir økologisk landbruk i fylket.


Publisert 11.10.2021

Fylkenytt nr. 2/2021 frå Møre og Romsdal

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er no ute med det andre nummeret av Fylkesnytt for 2021. Her er fleire interessante saker. Les mellom anna om Designers’ Saturday, droner i landbruket og kulturlandskapsprisen 2021. 


Publisert 24.02.2021

Fylkesnytt nr. 1/2021 frå Møre og Romsdal

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal presenterer ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om gründersatsinga Hoppid.no


Publisert 06.10.2020

Fylkesnytt nr 2/2020 frå Møre og Romsdal

Fylkesnytt 2/2020 med landbruksnyheiter fra Møre og Romsdal er no ute. I denne utgåva kan du mellom anna lese om utdelinga av kulturlandskapsprisen for Møre og Romsdal 2020. 


Publisert 12.03.2020

Fylkesnytt nr 1/2020 frå Møre og Romsdal

Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om samling i nettverk for berekraftige bygg. 


Publisert 10.10.2019

Fylkesnytt nr 3/2019 frå Møre og Romsdal

Tidleg sanking kan redusere tap på beite på grunn av jerv, 20 føretak frå Fjord-Norge-regionen førebur seg til å representere Noreg under Internationale Grüne Woche i Berlin i januar 2020. Desse sakene og fleire andre interessante saker kan du lese om i vårt ferskaste nyhendebrev på Regjeringen.no.