Husk ferdselsreglene på vei til stranda

På innmark kan du ferdast til fots på vei eller sti heile året, men du kan ikkje gå over innmark mellom 30. april og 14. oktober.
På innmark kan du ferdast til fots på vei eller sti heile året, men du kan ikkje gå over innmark mellom 30. april og 14. oktober. (Foto: Arnold Hoddevik)

Fleire stader trakkar badegjester og solhungrige rett over sårbar innmark i søket etter ei bra strand i sommervarmen. Dette er det ikkje høve til. Fylkesmannen i Møre og Romsdal og politiet minner om gjeldande ferdselsreglar.

Reglar for allemannsretten kan ikkje tolkast som fri ferdsel overalt i naturen. Utmark, som skog, fjell, myr, lynghei, holmar og skjer kan nyttast ganske fritt. På innmark er det fleire restriksjonar, og tilgangen er sterkt begrensa. Med lite avling fleire stader er det no viktig å la innmarka få stå så urørt som mogleg.

Alle kan ferdast til fots på privat vei og tydelig anlagt sti, som ligg i innmark på veg til stranda, men det er ikkje høve til å gå på innmarka mellom 30. april og 14. oktober. Begrensningane og restriksjonane for innmark gjeld for all dyrka jord, som eng og åker, men også kulturbeite og skogplantefelt, fram til plantane er 6 - 8 meter høge. Innmark omfattar også fleire andre typer areal, noko som inneber at du ikkje utan vidare kan gå over hustomter, hyttetomter, hagar eller parkar, eller inngjerda areal, for å nemne noko.

Friluftslova gir altså både ein allemannsrett og ei allemannsplikt. Pliktene og begrensningane er der for at vi ikkje skal skade naturen eller naturgrunnlaget. Det er også slik at det som kan vere tillatt for ein person eller nokre få saman, kan komme i strid med allemannsretten, når mange opptrer samla på ein måte som fører til større ulemper. Friluftslova har sågar ein såkalla sekkebestemmelse, der også andre typer areal kan vere innmark etter ei konkret vurdering. Skader eller ulemper for grunneigaren er vesentleg i denne vurderinga.

Vi minner også om at bilar ikkje må parkerast slik at driftsvegar blir blokkerte, av omsyn til både grunneigar og nødetatar. 

Så oppfordrar vi alle til å rydde opp etter seg – ta med søppel heim!

Kontaktpersonar:

Fylkesmannen i Møre og Romsdal:

direktør landbruksavdelinga, Frank Madsøy 71 25 84 03 / 971 71 493

Møre og Romsdal politidistrikt:

politiadvokat Arnt-Erik Oust 70 11 87 00, komm.råd. Eli Anne Tvergrov 91 305 405.

 Sjå også ofte stilte spørsmål frå Miljødirektoratet: http://www.miljodirektoratet.no/no/Tema/Friluftsliv/Allemannsretten/Ofte-stilte-sporsmal-om-allemannsretten/