Omdisponering og deling

Jordlova har reglar om omdisponering av dyrka og dyrkbar jord, og reglar om deling av landbrukseigedom. Begge deler krev samtykke frå kommunen.

Det er eit landbrukspolitisk mål å sikre og samle ressursane på bruket for noverande og framtidige eigarar. Dette har samanheng med eit politisk ønskje om å styrke ressursgrunnlaget på dei enkelte driftseiningane i landbruket slik at dei kan bli oppretthalde som aktive bruk også i framtida.

Ligg eigedommen i eit område som i kommuneplana sin arealdel er satt av til Landbruks-, natur- og friluftsområde kan det også vere nødvendig med dispensasjon frå kommuneplana jf. plan- og bygningslova § 19-2. Dette gjeld dersom tiltaket ikkje er i tråd med planformålet. Du kan lese meir om kommuneplan og landbruk i Landbruk Pluss.

Arealressursane bør disponerast på ein måte som gir ein tenleg, variert bruksstruktur ut frå samfunnsutviklinga i området og med hovudvekt på omsynet til busetjing, arbeid og driftsmessig gode løysingar.

Ein samfunnsgagnleg bruk inneber at ein tek omsyn til at ressursane skal disponerast ut frå framtidige generasjonar sine behov. Forvaltninga av arealressursane skal vera miljøforsvarleg og mellom anna ta omsyn til vern om jordsmonnet som produksjonsfaktor og ta vare på areal og kulturlandskap som grunnlag for liv, helse og trivsel for menneske, dyr og planter.

Omdisponering av dyrka og dyrkbar jord
Dyrka og dyrkbar jord er en grunnleggjande ressurs for å sikre matforsyning på kort og lang sikt. Dersom eigar ynskjer å nytte dyrka eller dyrkbar jord til anna enn jordbruksproduksjon, må han søkje om løyve til dette.

Søknader om omdisponering gjeld som regel mindre areal som til dømes bustad- eller hyttetomter. Formålet er ofte å selje bustad eller hytte til nokon i familien. Det skal mykje til før kommunen kan gi samtykke til omdisponering etter jordlova. Det er eit ynskje at omdisponeringar skjer i samband med kommunal plan. Då vil det ligge til grunn ei breiare vurdering av kommunen sitt arealbehov på lang sikt.

Deling av landbrukseigedom
Dersom eigar av ein landbrukseigedom ynskjer å overdra deler av eigedommen til nokon andre, til dømes ei tomt, er det nødvendig med samtykke frå kommunen.

Det kan gis samtykke til deling når delinga legg til rette for ein tenleg og variert bruksstruktur i landbruket. Det skal leggjast vekt på følgjande i vurderinga:

-          Omsynet til vern om arealressursane

-          Om delinga fører til ei driftsmessig god løysing

-          Om delinga fører til drifts- og miljømessige ulemper for landbruket i området

Det kan leggast vekt på andre omsyn sjølv om delinga ikkje legg til rette for ein tenleg og variert bruksstruktur.

For å sikre busetting i distrikta kan det gis samtykke til deling sjølv om delinga ikkje legg til rette for ein tenleg og variert bruksstruktur i landbruket.

Du kan lese meir om omdisponering og deling på Landbruksdirektoratet sine nettsider. Link rundskriv M-1/2013 Omdisponering og deling finn du her.