Grunndata og kart

Gardskart viser oversikt over arealressursane og arealtilstanden for kvar landbrukseigedom.  Kartet er lagd for landbruksforvaltninga og alle eigarar og brukarar av landbrukseigedomar. 

 

Gardskartet er m.a. grunnlag for utmåling av arealbaserte tilskot i landbruket, men blir også brukt i arealplanlegging, statistikk og forskning.

NIBIO produserer arealressurskartet på grunnlag av flyfoto og grunnlagsdata levert av kommunen. Informasjonen i gardskartet blir henta frå arealressurskartet (AR5), utarbeidd av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Matrikkelen og Landbruksregisteret. 

Du kan sjå gardskartet gjennom ei innsynsløysing på www.nibio.no. I gardskarttenesta kan du legge til ulike kartlag, slik at du kan få oversikt over plassering av ulike ting, slik som fornminne, verneområde, område med erosjonsrisiko, jordkvalitet, stadnamn, eigedomsgrenser, osv. Du kan også legge til ortofoto, som gjev flyfoto i kartet. Tenesta er open for alle.

Les meir om gardskartet på nettsida til NIBIO. Link til meir informasjon om temaet grunndata og kart finn du her.

 


14.06.2019

Nyttig feltkurs om klassifisering av arealtilstand

Tilstanden på jordbruksareal er viktig for fleire brukargrupper, og kommunen har ansvaret for å holde kartet ved like.  Engasjerte og kunnskapshungrige saksbehandlarar frå 13 kommunar deltok på feltkurs om klassifisering av arealtilstand i Vestnes 13. juni.

05.10.2018

Tid for oppdatering av arealressurskartet (AR5)

Kartverket vil gjennom NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi) oppdatere arealressurskartet for mange kommunar i Møre og Romsdal i 2019. Store delar av Møre og Romsdal vart fotografert i 2018, og bileta vert klare til bruk frå 2019. Det ligg føre planar om å oppdatere kartlaget i 16 kommunar.

13.08.2018

Masseoppdatering av arealtal i Landbruksregisteret

Fristen for å oppdatere arealtilstand i kartet før masseoppdateringa av arealtal i Landbruksregisteret rykkjer stadig nærare. 20. august må kommunane ha fullført registreringane.

29.06.2018

Ny kartløysing for gardskart

Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO) lanserte 14. juni 2018 ny løysing for gardskart på internett.