Driveplikt

Jordbruksareal skal drivast, jf. jordlova § 8. Jordbruksareal er fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite. Det er eigaren som er ansvarleg for at driveplikta blir oppfylt, men eigaren kan velje å drive eigedomen sjølv eller leige bort jordbruksareala. Driveplikta er ikkje knytt til vilkår om økonomisk lønsam drift. For at driveplikta skal vere oppfylt, må produksjonseigenskapane til jorda haldast oppe, slik at arealet kan nyttast til vanleg jordbruksdrift. Driveplikta varer så lenge ein er eigar.

Du kan lese meir om driveplikt og jordleige på Landbruksdirektoratet sine nettsider. Link til Rundskriv M-3/2011 om driveplikten etter jordlova finn du her.