Innføring i sosialtenestelova 29.-30. januar 2019

Dato:
29. januar 08:30 - 30. januar 15:30
Sted:
Scandic Parken, Ålesund
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal i samarbeid med NAV Møre og Romsdal
Målgruppe:
Sjå invitasjonen
Påmeldingsfrist:
13.12.2018 23:59:00

Innføring i sosialtenestelova 29.-30. januar 2019

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer ilag med NAV Møre og Romsdal til  innføringskurs i sosialtenestelova

Tid: 29.-30. januar 2019

Stad: Scandic Parken, Ålesund

Målgruppe: Tilsette (veileder- og leiarnivå) i NAV-kontor som har arbeidsoppgåver forankra i sosialtenestelova. Kurset er også til nytte for dei som må kjenne til lova for å kunne gi invormasjon/rettleiing om og identifisere behov for sosiale tenester. Første prioritet til kurset er nye tilsette som treng ei innføring i sosialtenestelova. Tilsette som reng oppfrisking av lovverket kan også delta dersom det er plass.

Eiga førebuing: For at du skal få størst mogleg utbytte oppmodar vi at du som minimum har fått anledning til å følgje ei sosialtenestesak. Vidare at du les eller blar igjennom "Rundskriv Hovednr. 35 Lov om sosiale tenester i NAV".

Deltaking: Vi avgrensar til 50 deltakarar på samlinga. Dersom det er stor påmelding vil vi prioritere og fordele desse plassane.

Økonomi: Kurset er gratis for målgruppa. Reisekostnader dekkast av arbeidsgivar. Fylkesmannen er miljøtårnsertifisert og oppmodar dei som har høve til det om å reise kollektivt.

Deltakarar med reiseveg over 1,5 time kan få dekt overnatting frå 29.- til den 30. januar. I tillegg kan deltakarar med reiseveg over 2 timar få dekt overnatting frå 28. til den 29. januar.

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 13. desember 2018.  Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida. 

Vi ber om at frist for påmelding blir haldt.

Dersom du etter påmelding likevel ikkje kan delta, ber vi om atdu så snart råd gir beskjed. Spørsmål om påmelding og endringar skal rettast til epost fmmrkurs@fylkesmannen.no Eventuelt ta kontakt på telefon 71 25 85 05.

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar.  Sjekk om du har fylt ut alle felt.

For nærare informasjon om innhaldet i kurset, kan du ta kontakt med Kari Røkkum Winje fmmrkawi@fylkesmannen.no

Legg til i egen kalender
Dato:
29. januar 08:30 - 30. januar 15:30
Sted:
Scandic Parken, Ålesund
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal i samarbeid med NAV Møre og Romsdal
Målgruppe:
Sjå invitasjonen
Påmeldingsfrist:
13.12.2018 23:59:00