KLIMASNU - Klimaomstilling i Møre og Romsdal

Dato:
17. november 2020 10:00 - 12:00
Sted:
Nettbasert
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Politikarar, leiarar og saksbehandlarar i kommunen

Invitasjon til KLIMASNU - Klimaomstilling i Møre og Romsdal

Klimasnu er eit av dei to hovudsatsingsområda til Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Klimasnu har som målsetning å styrke klimakompetansen i fylket, bidra til reelle endringar for å nå lågutsleppssamfunnet og sørge for at Møre og Romsdal er klar til å takle klimaendringane som kjem. Eit av måla for prosjektet i 2020 er å opprette kontakt og god kommunikasjon med kommunane. I den samanhengen arrangerer vi ei samling for kommunane.

Tid: 17. november 2020, kl 10.00 - 12.00

Stad: Nettbasert

Samlinga vil ha fokus på kommunalt klimaarbeid og korleis Fylkesmannen tenker å bidra inn i arbeidet gjennom satsinga Klimasnu. Tema for møtet vil vere både klimagassreduksjon og klimatilpassing. I tillegg til å få oppskrift på korleis kommunen kan arbeide for å lykkast med klimaarbeidet, vil ein få presentert korte eksempel på konkrete tiltak som allereie er utført i ulike kommuner i vårt fylke. Endeleg program kommer seinare.

Målgruppe: Politikarar, leiarar og saksbehandlarar i kommunen.

Påmeldingsfrist:  1. november 2020. Du vil kort etter at påmeldingsfristen har gått ut, få tilsendt epost med lenke til webinaret.  Sjekk derfor at du legger inn riktig epostadresse ved påmelding.

Stadfesting: Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort. Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar. Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Påmelding

Legg til i egen kalender
Dato:
17. november 2020 10:00 - 12:00
Sted:
Nettbasert
Arrangør:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Politikarar, leiarar og saksbehandlarar i kommunen