Fagdag om barn og unge i lavinntekts familiar i Møre og Romsdal

Dato:
15. oktober 2019 09:00 - 16:00
Sted:
Scandic Alexandra, Molde
Ansvarlig:
• Fylkesmannen i Møre og Romsdal • Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) • NAV Møre og Romsdal • Husbanken
Målgruppe:
• kommunalsjefar • einingsleiarar • andre tilsette og behandlarar i helse- og sosialtenesta • tilsette i planavdeling • NAV (både statlege og kommunale oppgåver) • oppvekst/barnevern • flyktning/integreringsteneste

Invitasjon til fagdag om barn og unge i lavinntekts familiar i Møre og Romsdal

Fylkesmannen i Møre og Romsdal etablerte i januar 2019 Levekårsnettverket. Målet er å skape eit forum der statlege og regionale aktørar samarbeider om oppgåveløysingar for å kunne gi koordinerte tenester til kommunane på velferdsområdet.

Ved oppstart var Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune, Husbanken Midt-Norge, IMDi Midt-Norge, NAV og KS partane i nettverket. Fylkesmannen er leiar av nettverket og dei utvalde aktørane bidrar innanfor eiga ansvars- og oppgåveområde.

Nettverket vil i 2019-2020 mellom anna prioritere strategien «Bustad for velferd», samt jobbe mot nullvisjon for utanforskap og utsette barn og unge.

Som eit ledd i dette arbeidet inviterer IMDi  Midt-Norge, NAV Møre og Romsdal, Husbanken og Fylkesmannen kommunane til fagsamling med tema «Barnefamiliar som over tid lever med låg inntekt».

Formålet med dagen vil være å bidra til å auke bevisstheita og kunnskapen om korleis bustaden, gode oppvekst- og bustadmiljø og dei vaksne si tilknyting til arbeidslivet kan gi betre inkludering for barnefamiliar med låg inntekt.

I tillegg ønsker vi gjennom dialog, å leggje til rette for eit vidare samarbeid med kommunar som vil jobbe meir systematisk og heilskapleg med å betre oppvekstvilkåra for utsette barn og unge over tid.

Målgruppe for dagen vil vere kommunalsjefar, einingsleiarar, andre tilsette og behandlarar i  i helse- og sosial, tilsette i planavdeling, NAV, oppvekst/barnevern, flyktning/integreringsteneste.

Vi ser at det er naudsynt med tverrfagleg tilnærming på dette området og ønsker derfor at kommunen deltar med representantar frå ulike einingar og nivå.

Økonomi:  Fagdagen er gratis.

No finn du presentasjonane frå konferansen i høgremargen.

 

Dato:
15. oktober 2019 09:00 - 16:00
Sted:
Scandic Alexandra, Molde
Ansvarlig:
• Fylkesmannen i Møre og Romsdal • Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) • NAV Møre og Romsdal • Husbanken
Målgruppe:
• kommunalsjefar • einingsleiarar • andre tilsette og behandlarar i helse- og sosialtenesta • tilsette i planavdeling • NAV (både statlege og kommunale oppgåver) • oppvekst/barnevern • flyktning/integreringsteneste