"Det å reise vasker øynene"

Dato:
12. september 2019 10:00 - 14:00
Sted:
Scandic Alexandra, Molde
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Barnevernet i kommunane i Møre og Romsdal

Fagdag "det å reise vasker øynene" - Statens helsetilsyn sin gjennomgang av 106 barnevernsaker.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer til fagdag "det å reise vasker øynene" - Statens helsetilsyn sin gjennomgang av 106 barnevernsaker.

Tid: 12. september 2019

Stad: Scandic Alexandra, Molde

På fagdagen vil Statens Helsetilsyn ved seniorrådgjevarane Mari Holt og Tone Kristin Dalheim presentere rapporten «Det å reise vasker øynene».

Denne rapporten er eit resultat av at Statens helsetilsyn har gått gjennom 106 barnevernssaker frå 60 kommunar som har vore behandla i fylkesnemnda. Dette var eit oppdrag frå Barne- og likestillingsdepartementet og formålet var å

  • sjå nærare på både prosess og innhald i eit utval enkeltsaker
  • få kunnskap om kva som sviktar eller går bra i sakene og kvifor
  • sjå på kvaliteten i vurderingane for plasseringsvedtaka

Vi har sett av god tid å drøfte dei funna som helsetilsynet har gjort i dette arbeidet og kva barnevernet kan lære av det. Vi håpar difor at så mange som råd frå kommunebarnevernet vil møte på fagdagen!

Fylkesmannen dekker utgiftene til fagdagen. Det er bindande påmelding. Dersom påmeldte deltakarar ikkje møter opp, vil kommunen blir fakturert for utgiftene.

 

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 11.07.2019.  Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida.  Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05 / 71 25 84 65.

 

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar.  Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Dato:
12. september 2019 10:00 - 14:00
Sted:
Scandic Alexandra, Molde
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Barnevernet i kommunane i Møre og Romsdal