Sensorskulering 5. juni 2019

Dato:
5. juni 2019 09:30 - 16:00
Sted:
Scandic Alexandra, Molde
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Utdanningsdirektoratet
Målgruppe:
Oppnemte sensorar til grunnskuleeksamen vår 2019
Påmeldingsfrist:
03.05.2019 23:59:00

Invitasjon til sensorskulering 5. juni 2019

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer i samarbeid med Utdanningsdirektoratet til sensorskulering

Tid: 5. juni 2019, registrering fra kl 9.30, programstart kl 10.00.

Sted: Scandic Alexandra, Molde

Målgruppe: Oppnemnte sensorar til grunnskuleeksamen vår 2019.

Utdanningsdirektoratet og oppmannsgruppa står for den faglege gjennomføringa og det blir parallelle kurs i faga matematikk, engelsk og norsk.

Tema: Eksamen og prinsipp for sluttvurdering, vurdering i faga og drøfting av siste års elevar.

Spørsmål om sensorskuleringa kan rettast til kontaktpersonane i høgremargen.

Økonomi: Kurs og opphald er gratis. Skulen/kommunen må dekkje vikarutgifter og reise. Vi oppfordrar til samkøyring så langt råd er.

Overnatting: Dersom du har meir enn 2,5 time reiseveg til Molde, kan du få overnatting frå 4. juni (middag ikkje inkludert).

Påmelding: Det er elektronisk bindande påmelding innan 3. mai 2019. Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida. Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05 / 71 25 84 65.

Stadfesting: Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort. Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar. Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Dato:
5. juni 2019 09:30 - 16:00
Sted:
Scandic Alexandra, Molde
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Utdanningsdirektoratet
Målgruppe:
Oppnemte sensorar til grunnskuleeksamen vår 2019
Påmeldingsfrist:
03.05.2019 23:59:00