Fellessensur 17. juni 2019

Dato:
17. juni 2019 09:00 - 15:30
Sted:
Scandic Alexandra, Molde
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Sensorar i grunnskulen i faga norsk, engelsk og matematikk
Påmeldingsfrist:
20.05.2019 23:59:00

Fellessensuren for faga norsk, engelsk og matematikk - grunnskulen 2019.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har ansvar for sensur til sentralt gitt eksamen i grunnskulen for faga norsk (NOR0214, NOR0215 og NOR1415), engelsk (ENG0012) og matematikk (MAT0010).

Det er pliktig oppmøte på fellessensuren og alle sensorar må melde seg på i skjemaet under.

Tid:  17. juni 2019

Stad: Scandic Alexandra, Molde

Spørsmål om fellessensuren kan rettast til kontaktpersonane i høgremargen.

Økonomi: Kurs og opphald er gratis. Skulen/kommunen må dekkje vikarutgifter. vi oppfordrar til samkøyring så langt råd er. Sjå innkallinga for føring av reiserekning.

Overnatting: Om du har meir enn 2,5 time reiseveg til Molde, kan du få overnatting frå 16. juni. Middag kl 20.30 er då inkludert. Om du ikkje rekk middagen, vær vennleg å angi ankomsttidspunkt på hotellet i merknadsfeltet på påmeldingsskjemaet.

Påmelding: Det er elektronisk bindande påmelding innan 20. mai 2019. Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida. Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05 / 71 25 84 65.

Stadfesting: Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort. Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar. Sjekk om du har fylt ut alle felt.

 

Dato:
17. juni 2019 09:00 - 15:30
Sted:
Scandic Alexandra, Molde
Ansvarlig:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Sensorar i grunnskulen i faga norsk, engelsk og matematikk
Påmeldingsfrist:
20.05.2019 23:59:00