Innbyggarhøyring om grensejustering mellom Rauma og Vestnes

I samband med utgreiinga i grensejusteringssaka mellom Rauma og Vestnes, vil Opinion på vegne av Fylkesmannen i Møre og Romsdal gjennomføre ei innbyggarhøyring i grunnkretsane Hjelvik og Våge i tidsrommet 1.-12. april 2019.

Telefonundersøking om grensejustering av Hjelvik og Våge

Opinion vil på oppdrag frå Fylkesmannen gjennomføre ei telefonundersøking i veke 14 og 15 (1.-12. april 2019).

  • Det blir ringt frå nummeret 61 40 01 09
  • Det blir ringt til fastbuande innbyggarar over 16 år i grunnkrinsane Hjelvik og Våge
  • Alle vil bli oppringt inntil 10 gonger
  • Svaret til den som blir oppringt er anonymt
  • Det vil bli spurt om kjønn og alder
  • Eventuelle respondentar som meiner dei ikkje har blitt kontakta innan 8. april er også velkomne til å kontakte Roar Teige i Norstat, direkte på fastnummer 21300305 eller e-post roar@norstat.no.

 

Innleiing til hovudspørsmålet:

God dag/kveld. Mitt namn er NN. Eg ringer på vegne av Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har bedt Fylkesmannen om å utgreie ein søknad om grensejustering av grunnkrinsane Hjelvik og Våge i Rauma kommune over til Vestnes kommune. I samband med dette ynskjer Fylkesmannen å høyre kva innbyggarane meiner.

 

Du vil få eit spørsmål som inneheld 3 svaralternativ, men først vil vi opplyse følgjande:

  • Ei eventuell grensejustering vil tidlegast gjelde frå 1.1. 2021

 

Hovudspørsmål:

Kva kommune meiner du at grunnkrinsane Hjelvik og Våge skal høyre til i framtida?

  • Bli i Rauma kommune
  • Overflytting til Vestnes kommune
  • Veit ikkje