Fylkesmannen si tilråding oversendt KMD

Fylkesmannen i Møre og Romsdal sendte i dag utgreiing og tilråding i grensejusteringssaka for Vågstranda i Rauma kommune til Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).

Med bakgrunn i innsamla faktagrunnlag, resultat frå innbyggarhøyringa og høyringsuttaler rår Fylkesmannen til at det blir gjennomført ei grensejustering mellom kommunane Rauma og Vestnes.

Fylkesmannen si utgreiing og tilråding og oversendingsbrev til KMD finn du her.