Faktagrunnlag i grensejusteringssaka mellom Rauma og Vestnes

Ein viktig del av saksførebuinga i grensejusteringssaka mellom kommunane Rauma og Vestnes er å innhente faktagrunnlag i saka. Fylkesmannen har i samband med dette utarbeidd ei sjekkliste for innhenting av faktagrunnlag ved grensejustering.

Rauma og Vestnes kommune er bedt om å svare ut aktuelle punkt i sjekklista og Fylkesmannen har motteke faktagrunnlag frå Rauma kommune og Vestnes kommune.

Møre og Romsdal fylkeskommune bidreg med relevant statistikk og kart. Dette finn du i dokumentet "Faktagrunnlag (med kart) frå Møre og Romsdal fylkeskommune" i oversikta til høgre.