Tilsynsforum i Møre og Romsdal

Tilsynsforum – møte nr. 2 i 2018, 5. des. 2018.

Tilsynsforum er ein møtestad for Fylkesmannen, andre statlege tilsyn, kontrollutvalsekreteriata og KS. Tema er samordning av statlege tilsyn i kommunane.

I dette møtet vart det lagt fram tilsynsplanar for 2019 frå Fylkesmannen ved ass. fylkesmann Rigmor Brøste m.fl. og dei statlege verksemdene som var til stades.  Kontrollutvalsekreteriata la også fram bestillingar på forvaltningsrevisjonar og fristar for forvaltningsrevisjonsrapportar.

Rådmann Anders Skipenes i Fræna kommune heldt innlegg om erfaringar med tilsyn frå statlege tilsynsverksemder. Direktør Grete Teigland fortalte litt om gongen i eit tilsyn. Det vart også orientert om arbeidet som er på gong i prosjektet med å lage ein nasjonal tilsynskalender ved prosjektleiar Vigdis Rotlid Vestad.

Deltakarane ga uttrykk for at tilsynsforum er ein nyttig og viktig møtestad for å utveksle erfaringar med- og planar for tilsyn i kommunane.