Midsund kommune ut av Robek

Fylkesmannen har bedt Kommunal - og moderniseringsdepartementet om å melde Midsund kommune ut av Robek.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.07.2019

Midsund kommune blei meldt inn i Robek i 2018 på grunn av at kommunestyret stadfesta å dekke inn rekneskapsmessig meirforbruk i frå 2016 i 2017. Kommunen gjekk med eit nytt underskot i 2017 og kunne ikkje å dekke inn meirforbruket.

Kommunestyret i Midsund kommune stadfesta den 9 mai i år, rekneskapen for 2018. Rekneskapen viser at akkumulert meirforbruk er dekt inn i sin heilheit. Grunnlaget for innmelding i Robek er ikkje lengre til stades, og kommunen er difor utmeldt av Robek.

 

Kontaktpersoner